Det er to ulike klangideal som innfriast av desse alternativa. Vil du over på Epsilon, treng du massevis av hestekrefter (då eg prøvde dei, var det dei største Mark Levinson som måtte til), og du må kanskje ha 2 stk Vera før du vert heilt fornøgd (iallfall om rommet ditt er stort). Så er det dette med reserve banddiskantar og ikkje minst mellomtone som er ein ganske stor utfordring å skaffe om noko skulle gå i stykker.
800 er ein fantastisk høgtalar, men ganske hårsår når det gjeld elektronikk. Kanskje det kan vere lurt å starte der, at du får bra utteljing med å prøve noko nytt andre stadar i kjeden?