Amerikanere i Norge engasjerer seg...
Måndag sto fleire amerikanarar i Byparken og demonstrerte mot tapet av retten til abort i heimlandet. Nokre av dei tør ikkje flytte heim att til USA.
www.aftenbladet.no
– Eg knakk saman då eg vakna på fredag og høyrde kva som hadde skjedd. Eg har så mange venner som står i fare no, fortel Amy Schumacher Rutherford.
Fredag 24. juni fekk mange andre amerikanarar ein liknande reaksjon. Den 50 år gamle høgsterettsdommen som har sikra amerikanske kvinner retten til abort sidan 1973, hadde blitt vurdert som grunnlovsstridig hos fleirtalet av Høgsterett.
No det opp til kvar enkel delstat om dei skal forby eller avgrense retten til abort. I praksis vil det bety at kvinner som ønsker abort, men bur i ein stat med abortforbod, må reise til ein annan delstat.
Også det inneber risiko. Ein kan få bot og straff dersom nokon finn ut at du reiser for å skaffe abort, og sladrar til myndigheitene i delstaten.
Rutherford kasta seg i gang med å organisere ein demonstrasjon i protest mot dette, og fekk samla ein flokk i Byparken måndag kveld 27. juni. Kvinnegruppa Ottar var også til stades.
– Eg ville gi folk moglegheita til å uttrykke seg om abortforbodet. For oss amerikanarar som bur i utlandet kan det vere vanskeleg å kjenne på samhaldet, og dette er ein måte å gjere det på, seier Rutherford.
Ho fortel at ho var rasande og fortvila då ho vakna til nyheita fredag morgon. Reaksjonen hadde vore veldig annleis for 15 år sidan. Då var ho i pro life-miljøet som forkasta abort uansett kva. I kveld var ho den som skreik høgast om rett til å bestemme over eigen kropp.
Ho meiner dette er framskynda av sterkt religiøse kristne og amerikanarar som nærmast sprenger høgresida på den politiske skalaen i amerikansk politikk.
– Høgsterett har kriminalisert graviditet. Folk fryktar straffeforfølging og tør ikkje utføre abort. Eg er redd for at folk LHBT blir dei neste på lista som kjem til å miste rettane sine.
– Det er ein mørk og vanskeleg dag for USA, seier nestleiaren i Democrats Abroad Norway, Andre Durham. Han talte på demonstrasjonen.
Han er også fortvila over utviklinga i USA på retten til abort, men meiner dette heng saman i eit større bilde. Det handla ikkje berre om abort, men om fare for liv og helse hos kvinner og måten heimlandet prioriterer barsel og omsorg.
– Høgsterett bryr seg meir om abort enn kvinner. Då hadde dei prioritert omsorg før- og etter fødsel, tilgang på prevensjon og meir kunnskap om kvinnehelse.
Han bønnfalte amerikanarane som møtte til demonstrasjonen om å bruke stemmeretten sin for å påverke politikken i heimlandet, og ikkje-amerikanarane om å engasjere seg i saka.
– Det handlar ikkje så mykje om kva eg sjølv meiner om saka, men at andre ikkje skal ta frå nokon valet om å ta abort, seier ein demonstrant som ønsker å vere anonym.
Ho arbeider i eit mannsdominert yrke, og er redd for å stå fram med namn og bilde.
Lacey Iverson og Laura Gielty har begge to døtrer kvar, og stiller i solidaritet med andre mødrer som uroar seg over framtidsutsiktene for døtrene.
– Vi så den kome frå tidlegare av. Det er likevel ufatteleg at ting utviklar seg bakover i tid, og ikkje framover slik som resten av verda, seier Iverson.
Ho kjem opphavleg frå Iowa. I det siste har ho og mannen diskutert om dei i det heile skal flytte heim til USA. Dei tenker på dei to jentene dei har. Ho seier at dei er urolege og bekymra.
– Vi må ta ein vurdering på kva skal gjere, og det avheng av korleis framtida sjår ut for USA, meiner Iverson.