Nå har det gått en del ammo-lagre i det siste. Russlands "pause" er vel en indikasjon på at de trenger forsyninger til fronten.
Min første reaksjon då eg las om pause, var at no kjem Russland til å prøva på "ze final push". I ei eller anna form. Det gjev jo inga meining å annonsera "pause" midt i eit offensivt felttog, iallfall ikkje på den måten. Ut frå det eg les her, kan eg ikkje fatta korleis dei skal få det til, men ...
Eg hadde forstått det dersom dei sa noko i retning av at "det viktigaste målet for oss no er å sikra fridom og rettferd for våre kjære landsmenn i Luhansk, som vi med stor innsats og humanitet har befridd frå det ukrainske naziregimet."
EDIT, PS: Samtidig trur eg ikkje heilt at 'framgangen' (altså, mangelen på russisk slik) i Luhansk er eit mål på korleis dette kjem til å gå vidare. Dette har, trass alt, vore eit område som har vore i vedvarande krigstilstand i åtte år, med (reknar eg med) førebudde posisjonar og forsvarsverk. Sjølv om det, som
@noruego skriv, er vanskeleg å førestilla seg at russarane
skulle være i stand til å sette i gang en blitz-offensiv som feide over all motstand de 1300 kilometerne til Lviv og deretter de 800 opp til Vilnius
er det vel ikkje heilt utenkjeleg at der krigen i Donbas var ein skyttargravskrig, så kjem ein russisk offensiv no til i større grad å vera mobil krigføring?