Bli med heim til Tweedjakke

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • ragwo

    Mud-fi freak
    Ble medlem
    02.05.2007
    Innlegg
    7.441
    Antall liker
    18.025
    Sted
    El-returen
    Torget vurderinger
    43
    HFS er gift.

    Når eg les dei store trådane her, vil eg ha 20/20 jamn frekvensrespons, kontrollert akustikk og små og lunkne apparat med homeopatiske mengder støy, om ein ikkje då kan flytta alt inn det digitale domenet og såleis behandla det metafysisk.

    Så, alle desse platespelartrådane, med apparat som er så flotte, uendeleg med teakdekk (ups, autocorrect) tweaks, men der alle berre forhandlar om forma på forvreningsrommet. Som @Evo III impliserte, då handlar det ikkje om lydkvalitet, men om fetisjering av ei avspelingsform som hadde ein glansperiode på ca 35 år (som tok slutt for 35 år sidan). Men så fine; rundt og rundt, pappa.

    Så, alle desse røyrtrådane, både dei med DIY og dei med smykke frå fabrikk. Så utruleg vakre og fascinerande, med ein elektronisk logikk som verkar innanfor fatteevne. Igjen, forhandling av forvreningsrommet, men likevel ei glede ved elektronikken det er vanskeleg å finna i ei Hypex-plate og ein DSP-equalizer.

    Ingen nemnde, ingen gløymde denne gongen. No går resten av dagen med til å laga barneselskap, medan toåringen er godt i gang med å riva ned huset.
    Fantastisk godt skrevet! Lykke til med barnebursdag og husriving. Her koser vi oss med omgangssyke og husrydding. God helg!
     
    P

    parafinoksen

    Gjest
    Kjekt å lese i tråden din😀 Tror du vet hva som er gift og hva som er glede. Det viktigste å søke er det som gir en selv energi og glede. Finne sin egen sti. Lykke til med barneselskapet i dag😀
    Livet er for kort til å prøve å finne det «riktige». En må finne det som gir en glede. Satt og frydet meg på skyttelbussen til flyplassen med et rimelig øreproppsett rett i mobilen. Musikken svingte noe så helt inni hampen bra.
     
    tjua

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    19.08.2012
    Innlegg
    3.261
    Antall liker
    2.337
    Sted
    Bergen
    Jeg har latt alle mine tre unger fått lov til å holde på med anlegget, men ikke når de har besøk - da har jeg ikke kontroll på dem. Det har egentlig godt ganske bra minus to blyanter i element på to høyttalere og en knekt nål til pickup (heldigvis ikke dyr pu) De har storkoset seg til tider med musikk her i kjelleren - og alle tre har blitt meget opptatt av musikk alderen deres er 21, 16 og 12 nå og alle tre er enige om at 70/80-tallet hadde best musikk.
    Ikke for å stjæle tråden, men viktig; og for å sitere og lett omskrive vår, jeg antar, alles kjære Per Inge T; gi Ungan HiFi før sporten tar de.. og mange kan se fram til en stor psykisk og fysisk kulturell arv
    Forøvrig, mange gode poeng til etterfølgelse i denne tråden;
    for å finne sin «sweet spot» må man være forberedt på litt prøving og testing
     
    Tweedjakke

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2008
    Innlegg
    4.479
    Antall liker
    4.614
    Sted
    Sunnmøre
    Har byrja på denne. Eg erkjente at eg er heilt blank på elektronikk, utover det eg lærte i o-fag og har konstruert av eigne forklaringar.

    Eg lo, rett nok, då det var grilling på svak varme i straumrens-tråden, men det var nok fyrst og fremst fordi eg har tillit til autoritetane, sjølv når eg ikkje forstår kva dei seier. Slik kan vi ikkje ha det. På ingen av måtane. Det er masse hi-figreier eg har bestemt meg for at ikkje er viktig fordi eg ikkje forstår dei.

    34F8F6F0-01A1-441F-B084-A2C5DAA68DD5.jpeg

    (Unngå å løysa reelle problem ved å finne på nye? Tja. Kven, eg? Men det hadde vore gøy å laga ein SET-forsterkar med straumforsyning. Og obskure sovjetiske røyr).
     
    Sist redigert:

    Tweedjakke

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2008
    Innlegg
    4.479
    Antall liker
    4.614
    Sted
    Sunnmøre
    Eit par år sidan eg las denne no. Boka kunne like gjerne vore skrive med utgangspunkt i hifi. Edit: Neste boka (Lila) tok utgangspunkt i segling. Eg trur mange her inne vil setja pris på teksten Pirsig skreiv til Esquire i 1977: "Cruising Blues and Their Cure").

    zamm.jpg

    Denne scena er ei av dei eg liker best (s. 60-61 i mi utgåve) Edit: John, ven og turkamerat med forteljaren, har problem med styret på motorsykkelen sin, ein dyr modell frå BMW. Forteljaren, derimot, har ein Honda CB77 Super Hawk (1966).

    When he brought his motorcycle over I got my wrenches out but then noticed that no amount of tightening would stop the slippage, because the ends of the collars were pinched shut.

    ‘You’re going to have to shim those out,' I said

    'What's a shim?'

    'It's a thin, flat strip of metal. You just slip it around the handlebar under the collar there and it will open up the collar to where you can tighten it again. You use shims like that to make adjustments in all kinds of machines.'

    'Oh,' he said. He was getting interested. 'Good. Where do you buy them?'

    'I've got some right here,' I said gleefully, holding up a can of beer in my hand.

    He didn't understand for a moment. Then he said, 'What, the can?'

    'Sure,' I said, 'best shim stock in the world.'

    I thought this was pretty clever myself. Save him a trip to God knows where to get shim stock. Save him time. Save him money.

    But to my surprise he didn't see the cleverness of this at all. In fact he got noticeably haughty about the whole thing. Pretty soon he was dodging and filling with all kinds of excueses and, before I realized what his real attitude was, we had decided not to fix the handlebars after all.

    As far as I know those handlebars are still loose. And I believe now that he was actually offended at the time. I had had the nerve to propose repair of his new eighteen-hundred-dollar BMW, the pride of a half-century of German mechanical finesse, with a piece of old beer can!

    Ach, du liber!

    Since then we have had very few conversations about motorcycle maintainance. None, now that I think of it.

    ...

    I was going in at it in terms of underlying form. He was going at it in terms of immediate appearance. I was seeing what the shim meant. He was seeing what the shim was.
     
    Sist redigert:

    Tweedjakke

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2008
    Innlegg
    4.479
    Antall liker
    4.614
    Sted
    Sunnmøre
    Bestilt! Av alt eg elskar ved UH-sektoren, er UB/BIBSYS kanskje det eg liker best.

    6ECC949B-AFA7-421D-8F83-E64D74360F83.jpeg

    (Ja, dette er sikkert utdatert vranglære og the dark side, altså)

    Eg hadde sikkert lært meir om eg hadde lagt inn nokre praktiske øvingar, men alle insisterer på at eg må vita kva eg gjer før eg lagar spenning på elektrisk stol-nivå heime i stova. Så då får eg finna ut kva eg gjer, då.

    2AF6E648-9325-4105-A3EA-FAE0C391BF99.jpeg

    (Edit; det er lov å bruka eigen tråd som notatsamling, ikkje sant:

    )
     
    Sist redigert:

    Sluket

    Holistisk Hifi Helt
    Ble medlem
    11.08.2006
    Innlegg
    57.178
    Antall liker
    109.098
    Torget vurderinger
    23
    Den Zen boka er bra, har den selv! Anbefales.
     
    Tweedjakke

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2008
    Innlegg
    4.479
    Antall liker
    4.614
    Sted
    Sunnmøre
    Lite er betre enn når eit innfall byrjar å utkrystallisera seg til ein langsiktig plan. Ikkje sluttspel og siste trekk, men eg treng jo ikkje kasta meg inn i dét når eg berre er midt i livet. Eg skal nok vita å gje beskjed når planen byrjar røra seg (dvs: når eg får skaffa nok stasj til at eg ikkje kan arkivera han som enno ein dagdraum).

    I mellomtida, denne byrja eg på i går

    wbmi.jpg

    Richard Morris: Will Britain make it? The rise, fall and future of british industry (The history press, 2023). Eg les den metafysiske utgåva (altså, ebok på Kindle), så omslaget er lånt frå Amazon.

    Det slo meg først no (medan eg skreiv) at tittelen er eit ordspel på utstillinga som, med påtvunge optimisme, vart halde i 1946, Britain can make it. Kor som er, som temmeleg open anglofil har eg lurt på kvifor nesten alle ikoniske, britiske produkt anten er borte, vert produserte i Kina eller er selde ut av den grøne øya (Naim produserer no i Slovakia, trur eg). Eg trur ikkje det er så enkelt som Jim Prideaux sa i Tinker, tailor, solider, spy: "Alvis. Best car England ever made. Out of production, thanks to socialism." Morris viser fram det største og beste av britisk industri sidan 1800-talet, og prøver å visa kvifor det har vorte slik. Ser veldig bra ut så langt.

    Edit: For dei som liker teknologihistorie, kom eg på denne. H. P. Newquist: The Brain Makers (Sams, 1994)
    tbm.jpg

    Det er den beste framstillinga av AI-bølgja på tidleg 1980-tal, med den påfølgjande AI-vinteren etterpå, eg har lese. Bedriftsøkonomisk, ikkje meir teknisk enn at ho er leseleg for kven som helst. Eg ser ikkje bort frå at ho er for spesielt interesserte, men no er jo "kunstig intelligens" i vinden att.
     
    Sist redigert:

    Tweedjakke

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2008
    Innlegg
    4.479
    Antall liker
    4.614
    Sted
    Sunnmøre
    “Kva i all verda er det du dealer med det ukrainske postvesenet etter,” spurde fru Strikketrøye.

    Vel:

    IMG_0246.jpeg

    Dette er berre starten på ei innsamling av super-audiofile komponentar, og eg byrjar altså med noko som garantert ikkje kan brukast til noko anna. Dette kjem til å ta tid.

    (Mellom anna, kva slags soklar treng eg)

    Gruar meg litt til å handla utgangstrafoar, kjenner eg.

    Dette er koselektyre for tida, etter å ha svara på inkvisitoriske spørsmål frå bibliotekaren på jobb om dette var relevant for jobben min. “Nei”, måtte eg svara.

    IMG_0247.jpeg

    (Forbausande bra, ei teknisk-historisk framstilling frå ca 1920-1960).
     
    S

    Slettet medlem 32125

    Gjest
    “Kva i all verda er det du dealer med det ukrainske postvesenet etter,” spurde fru Strikketrøye.

    Vel:

    Vis vedlegget 911059

    Dette er berre starten på ei innsamling av super-audiofile komponentar, og eg byrjar altså med noko som garantert ikkje kan brukast til noko anna. Dette kjem til å ta tid.

    (Mellom anna, kva slags soklar treng eg)

    Gruar meg litt til å handla utgangstrafoar, kjenner eg.

    Dette er koselektyre for tida, etter å ha svara på inkvisitoriske spørsmål frå bibliotekaren på jobb om dette var relevant for jobben min. “Nei”, måtte eg svara.

    Vis vedlegget 911058

    (Forbausande bra, ei teknisk-historisk framstilling frå ca 1920-1960).
    Quad 2🥰
     
    Tweedjakke

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2008
    Innlegg
    4.479
    Antall liker
    4.614
    Sted
    Sunnmøre
    :love:

    Quad 2 er tvillaust ein forsterkar eg kunne tenkt meg (i tillegg er eg litt interessert i HH AM 8/12), men eg er ikkje der at eg har store planar om å kjøpa ny (dvs, gamal) forsterkar.

    No er eg mest interessert i å læra - både praktisk og teoretisk - elektronikk, (røyr)forsterkardesign og litt høgtalar-konstruksjon. Det viktigaste målet er å ha det kjekt medan eg gjer det, og setja i gang prosjekt eg faktisk har lyst til å pusla med; kanskje fleire på ein gong. Dukkar det opp ein mellomhjulsgrammofon på vegen, skal eg ikkje ta mykje å la meg avspora. Så får det gå framover så fort tid og pengar (komponentar viser seg å ikkje vera heilt gratis, gitt) tillet. Eg gjer dette faktisk for min eigen del.

    Som eg har vore innom før: det er nokre ting eg ikkje kan gjera. Store høgtalarar utgår, det same gjer (sannsynlegvis) spolebandspelar. OK. Vidare, eg har filosofert meg fram til at hifi meir er eit ideal enn eit mål i seg sjølv. Moderne, aktive høgtalarar og digital avspeling hadde garantert vore den raskaste og beste vegen til objektivt "god lyd". Det er berre at eg ikkje har lyst på slike no.¹

    Den viktigaste inspirasjonen er faktisk ein av ungane, som er i ferd med å starta på fagutdanning i tekstilhandverk. Då ho skulle læra seg å sy, starta ho ikkje med ein enkel konstruksjon, eller eit plagg ho faktisk hadde bruk for. Ho starta med ballkjole (tre på rappen, faktisk), for det var det ho ville ha.

    Greitt; planen med 6E6P-DR (frå Ukraina) er å byggja ein hovudtelefon-forsterkar (til K701), mest fordi ein høgtalarforsterkar skremmer meg litt, og eg ikkje er heilt sikker på at mine høgtalarar er bra last for ei SET-sak. Eg har faktisk allereie ein røyrforsterkar til K701, denne (høhø):

    IMG_0248.jpeg

    Akkurat no står han på "heimekontoret", og vert ikkje brukt så veldig mykje. Det står eit 12AU7-røyr i han, men eg ikkje er heilt sikker på kva jobb det gjer. Jaja, det er planen nett no. Eg føler at terningen ikkje er kasta før eg har bestilt utgangstrafoar.

    1. Litt slik som eg har meir lyst på ein luftkjølt 911 enn ein Taycan, sjølv om sistnemnde grusar fyrstnemnde på alle tekniske parameter. Diverre er eg ikkje ein posisjon der eg kan kjøpa bil for min eigen del, for meg handlar bil om effektiv transport av familien.
     
    Sist redigert:
    S

    Stover

    Gjest
    Du må være den første på HFS som benytter fotnote 😊 et resonnement jeg forøvrig støtter fullt ut, også på generelt grunnlag.

    Merk! Naim produserer fremdeles mye av sine ting i Salisbury UK. Muso settes sammen i Kina 😠 og noe i Slovakia 🤔 f.eks NSC22. På min står det produced in Salibury.
     
    Valentino

    J. Brünnhilde
    Ble medlem
    23.04.2008
    Innlegg
    30.440
    Antall liker
    25.208
    Sted
    Ottestad
    Torget vurderinger
    1
    Ja, LP12 og tweed er veldig riktig, men så var det dette mellomhjulet da. Sånn forøvrig går det an å beholde strikken, bytte ut to av tre siffer og legge til et mellomhjul også. Det er dyrere.
    Det hemmelige grammofonpolitiet følger med, @Tweedjakke.🕵️‍♂️
     
    Lancaster

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    25.08.2013
    Innlegg
    925
    Antall liker
    2.348
    Torget vurderinger
    1
    Linn leverer forøvrig høyttalere i Harris tweed også, de kunne meget gjerne stått i min stue og gått i ett med mine tweedjakker.
    Dette er Linn Series 5 - 530, leveres i minst fem ulike tweed utgaver.
     
    Tweedjakke

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2008
    Innlegg
    4.479
    Antall liker
    4.614
    Sted
    Sunnmøre
    Mer en LP12 spør du meg 😊 enormt potensiale på alle vis… og vakkert
    Ja, LP12 og tweed er veldig riktig, men så var det dette mellomhjulet da. Sånn forøvrig går det an å beholde strikken, bytte ut to av tre siffer og legge til et mellomhjul også. Det er dyrere.
    Det hemmelige grammofonpolitiet følger med, @Tweedjakke.🕵️‍♂️
    Her hadde eg plassert dette på hylla, og så kjem de og freistar meg ;) Eg har sjølvsagt ei liste over spelarar eg begjærer sterkt på innerlomma til ei kvar tid.

    LP12 er ein gamal anglofil draum, og eg hadde ikkje takka nei. Interessa har kjølna litt dei siste åra, fordi konstruksjonen er såpass lik Thorens-en eg allereie har, og det 'rette' å gjera med LP12 er å oppgradera stegvis med veldig dyre delar frå Linn. Det verkar også som om LP12 frå 1980-åra er temmeleg høgt prisa. Men det er mykje eg liker med LP12.

    Eg har lurt på om Lenco (og kanskje Dual) burde inn på lista over potensielle kandidatar. Dei er meir edrueleg prisa enn TD124 og Garrard 301/401, men det er sikkert ikkje heilt utan grunn.

    (Men, kort sagt: eg har gått litt lei av å dagdrøyma, laga lister og planleggja utstyr som for min del krev lottogevinst og/eller årevis med asketisk livsførsel. Trur eg prøver meg på ei litt meir leikande tilnærming).
     
    Tweedjakke

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2008
    Innlegg
    4.479
    Antall liker
    4.614
    Sted
    Sunnmøre
    Linn leverer forøvrig høyttalere i Harris tweed også, de kunne meget gjerne stått i min stue og gått i ett med mine tweedjakker.
    Dette er Linn Series 5 - 530, leveres i minst fem ulike tweed utgaver.
    Det minner meg om at eg manglar ei jakke med rustraud overcheck mot brungrå. Edit: Har ei "thorn proof" i rustraud mot grå, når eg tenkjer meg om.

    Eg er litt usikker på om eg helst ville hatt slike, eller store Tannoy, dersom eg kunne innreia heilt etter mitt eige hovud (dessutan uaktuelt, sidan fru Strikketrøye helst vil ha det ho kallar "dansk sommerhus"-stilen - diverre utan at klassisk B&O ser ut til å freista).

    Heilt på sida, så tykkjer eg Linn verkar å ha eit godt, men litt dyrt økosystem; litt utanfor mi interesse og min økonomi no, men definitivt eit teknisk design eg liker.
     
    Sist redigert:

    Valentino

    J. Brünnhilde
    Ble medlem
    23.04.2008
    Innlegg
    30.440
    Antall liker
    25.208
    Sted
    Ottestad
    Torget vurderinger
    1
    Få lyder i hifi er kulere enn KLONK!et fra autostoppen på en L78. Men lydmessig taper den for en 147.

    Høyttalere med tweed-trekk. Minner meg om at mine hvite er 13 år og at omtrekk og -lakkering kan settes på gjøremålslisten. Låverød lakk og arcantusbrodert stofftrekk blir nok fint skal dere se.
     
    Yamaha YP d6 jeg hadde lagde KLONK😀
     
    Tweedjakke

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2008
    Innlegg
    4.479
    Antall liker
    4.614
    Sted
    Sunnmøre
    2 stk Sylviana 6BY5GA ankomne. Likerettar-røyr.
    IMG_0265.jpeg

    Kjøpt etter innfall på eBay fordi eg så at eg kunne bruka dei i straumforsyninga, og det kan ikkje vera tvil om at det vert meir audiofil likestraum med slike.

    Herregud, no byrjar eg å mista motet. Det kjenst som eg skal byggja ein bil frå grunnen ved å kjøpa delar hist og pist, og utan å vera heilt sikker på om eg skal byggja ein bil eller ein moped.

    Dessutan var det brått våren her.
     
    erikr

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    30.01.2005
    Innlegg
    269
    Antall liker
    463
    Sted
    Bergen
    Torget vurderinger
    10
    Her hadde eg plassert dette på hylla, og så kjem de og freistar meg ;) Eg har sjølvsagt ei liste over spelarar eg begjærer sterkt på innerlomma til ei kvar tid.

    LP12 er ein gamal anglofil draum, og eg hadde ikkje takka nei. Interessa har kjølna litt dei siste åra, fordi konstruksjonen er såpass lik Thorens-en eg allereie har, og det 'rette' å gjera med LP12 er å oppgradera stegvis med veldig dyre delar frå Linn. Det verkar også som om LP12 frå 1980-åra er temmeleg høgt prisa. Men det er mykje eg liker med LP12.

    Eg har lurt på om Lenco (og kanskje Dual) burde inn på lista over potensielle kandidatar. Dei er meir edrueleg prisa enn TD124 og Garrard 301/401, men det er sikkert ikkje heilt utan grunn.

    (Men, kort sagt: eg har gått litt lei av å dagdrøyma, laga lister og planleggja utstyr som for min del krev lottogevinst og/eller årevis med asketisk livsførsel. Trur eg prøver meg på ei litt meir leikande tilnærming).
    Hvis man er litt fingernem, så kommer jeg ikke på noen annen spiller enn Lenco, som har et større potensial i forhold til pris.
    Har selv både Lenco og Garrard 401. Begge er godt moddet i massive plint. Lenco låter like bra som 401. Imidlertid skal en Lenco låte virkelig bra, må det et massivt plint til og den originale armen byttes ut. Selv med en rimelig Rega-arm banker Lenco mange veldig gode spillere. De som har bygget en skikkelig Lenco vet dette godt.
    I Norge er det imidlertid ikke mange jeg har hørt om, som har gjort dette.
    Sannsynligvis for billig spiller og lav status, men hvis lyden er viktigst….
    Dyrt behøver det ikke bli, hvis man leser seg opp og spanderer noen timer i snekkerboden.
     
    Tweedjakke

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2008
    Innlegg
    4.479
    Antall liker
    4.614
    Sted
    Sunnmøre
    Takk, @erikr.

    Det høyrest ut som om Lenco bør inn på lista, særleg om dette endar opp så Reodor Felgen som eg trur det gjer.

    Grammofon står likevel ikkje øvst på lista no, TD147 er ikkje direkte elendig.
     
    Tweedjakke

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2008
    Innlegg
    4.479
    Antall liker
    4.614
    Sted
    Sunnmøre
    "Passer en revue toutes les réalisations ayant trait au haut-parleur en trois cents pages est une tâche ardue, voire impossible."

    Sikkert smart type, denne Jean Hiraga, men (heldigvis) ikkje så breitt register. Det er som å opna ein tale med "jeg er ingen taler". Han sa akkurat det same om "rörforstärkare", i boka som eg diverre måtte levera inn alt for tidleg. At nokon andre skulle oppdaga den i katalogen til Universitetsbiblioteket på UiA akkurat no, og stilla seg i kø, kan eg ikkje heilt forstå.

    les_haut-parleurs.jpg

    Uansett, for min del handlar dette like mykje om gleda av å lesa fransk. Fantastisk språk som eg diverre ikkje kan.
     
    Lagga

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    22.09.2005
    Innlegg
    9.325
    Antall liker
    31.185
    Sted
    Sarpsborg
    Torget vurderinger
    3
    Takk, @erikr.

    Det høyrest ut som om Lenco bør inn på lista, særleg om dette endar opp så Reodor Felgen som eg trur det gjerr.
    Støtter hva eirikr skriver, og ja; Lenco bør absolutt inn på lista! Ikke minst fordi du kan skaffe deg en L78 vesentlig rimeligere enn konkurrentene; TD 124 og Garrard 301 & 401. L78 kom først i et solid og tungt treplinth, dette ble etterhvert byttet ut med et støpt plastplinth levert i hvit, svart og tremønster. Jeg har en av hver (tre og plast). Den i tre kommer jeg til å beholde original, men kverna med plastplinth kommer med tiden til å få full Reodor Felgen-behandling. 😄
     
    VegardW

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    08.02.2007
    Innlegg
    4.078
    Antall liker
    2.927
    Sted
    Kolsås
    Torget vurderinger
    4
    2 stk Sylviana 6BY5GA ankomne. Likerettar-røyr.
    Vis vedlegget 913566

    Kjøpt etter innfall på eBay fordi eg så at eg kunne bruka dei i straumforsyninga, og det kan ikkje vera tvil om at det vert meir audiofil likestraum med slike.

    Herregud, no byrjar eg å mista motet. Det kjenst som eg skal byggja ein bil frå grunnen ved å kjøpa delar hist og pist, og utan å vera heilt sikker på om eg skal byggja ein bil eller ein moped.

    Dessutan var det brått våren her.

    Limte inn noen linker til rørhandlere jeg har hatt gode erfaringer med. Det er uhorvelig mange der ute. På Ebay selges det mye som hverken er nytt eller i god stand, men også mye bra. Langrex feks har en sjappe der, mange andre seriøse også. Norsk radiohistorisk forening har et ganske stort utvalg av rør til svært lave priser.
    Det har lett for å hope seg opp med rør og stæsj en tror en trenger. Det er mye flott rundt i kjellere som burde vært gjenbrukt. Det er ikke det største markedet her hjemme og fantastisk gode komponenter til secondhand spottpris blir gjerne hylle varmere. God pinse!

    ps vedr 6BY5GA
     
    mediakjendis

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    24.11.2010
    Innlegg
    1.898
    Antall liker
    668
    Sted
    Bærum
    Torget vurderinger
    1
    "Passer en revue toutes les réalisations ayant trait au haut-parleur en trois cents pages est une tâche ardue, voire impossible."

    Sikkert smart type, denne Jean Hiraga, men (heldigvis) ikkje så breitt register. Det er som å opna ein tale med "jeg er ingen taler". Han sa akkurat det same om "rörforstärkare", i boka som eg diverre måtte levera inn alt for tidleg. At nokon andre skulle oppdaga den i katalogen til Universitetsbiblioteket på UiA akkurat no, og stilla seg i kø, kan eg ikkje heilt forstå.

    Vis vedlegget 922686

    Uansett, for min del handlar dette like mykje om gleda av å lesa fransk. Fantastisk språk som eg diverre ikkje kan.
    Kan heller ikke fransk,men pent er det ikke.
     
    Tweedjakke

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2008
    Innlegg
    4.479
    Antall liker
    4.614
    Sted
    Sunnmøre
    Det har lett for å hope seg opp med rør og stæsj en tror en trenger. Det er mye flott rundt i kjellere som burde vært gjenbrukt. Det er ikke det største markedet her hjemme og fantastisk gode komponenter til secondhand spottpris blir gjerne hylle varmere. God pinse!
    Takk! Dei røyra eg har kjøpt, er på rein impuls, og eg ser ikkje bort frå at det var bomkjøp. Flotte lenkjer, skal bruka dei. Vert alltid skremd av sånne heimesider frå 1995 der det står "ring meg, så har eg sikkert det du treng". Det er sånt som gjev meg kjensla av å vera ein stad som eigentleg ikkje er for meg ;)

    Det går litt sakte for tida, men det er strengt tatt ikkje noko problem. Eg rotar med og skisser på litt mange ting på ein gong; mange store planar og ambisjonar, for lite kunnskap, tid, plass og pengar (for å vera ærleg). Eg trur det er rett å prøva å få til denne ht-forsterkaren først; 6E6P-DR verkar som fine røyr.
     
    Valentino

    J. Brünnhilde
    Ble medlem
    23.04.2008
    Innlegg
    30.440
    Antall liker
    25.208
    Sted
    Ottestad
    Torget vurderinger
    1
    Kjekk den der. Lukkede klokker til så kan kone og barn drive med sine ting.
    - Ikke forstyrr, pappa er på konsert.
     
    Entropy

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    07.01.2021
    Innlegg
    580
    Antall liker
    1.129
    Sted
    Oslo
    Torget vurderinger
    3
    Eit par år sidan eg las denne no. Boka kunne like gjerne vore skrive med utgangspunkt i hifi. Edit: Neste boka (Lila) tok utgangspunkt i segling. Eg trur mange her inne vil setja pris på teksten Pirsig skreiv til Esquire i 1977: "Cruising Blues and Their Cure").

    Vis vedlegget 904559

    Denne scena er ei av dei eg liker best (s. 60-61 i mi utgåve) Edit: John, ven og turkamerat med forteljaren, har problem med styret på motorsykkelen sin, ein dyr modell frå BMW. Forteljaren, derimot, har ein Honda CB77 Super Hawk (1966).

    When he brought his motorcycle over I got my wrenches out but then noticed that no amount of tightening would stop the slippage, because the ends of the collars were pinched shut.

    ‘You’re going to have to shim those out,' I said

    'What's a shim?'

    'It's a thin, flat strip of metal. You just slip it around the handlebar under the collar there and it will open up the collar to where you can tighten it again. You use shims like that to make adjustments in all kinds of machines.'

    'Oh,' he said. He was getting interested. 'Good. Where do you buy them?'

    'I've got some right here,' I said gleefully, holding up a can of beer in my hand.

    He didn't understand for a moment. Then he said, 'What, the can?'

    'Sure,' I said, 'best shim stock in the world.'

    I thought this was pretty clever myself. Save him a trip to God knows where to get shim stock. Save him time. Save him money.

    But to my surprise he didn't see the cleverness of this at all. In fact he got noticeably haughty about the whole thing. Pretty soon he was dodging and filling with all kinds of excueses and, before I realized what his real attitude was, we had decided not to fix the handlebars after all.

    As far as I know those handlebars are still loose. And I believe now that he was actually offended at the time. I had had the nerve to propose repair of his new eighteen-hundred-dollar BMW, the pride of a half-century of German mechanical finesse, with a piece of old beer can!

    Ach, du liber!

    Since then we have had very few conversations about motorcycle maintainance. None, now that I think of it.

    ...

    I was going in at it in terms of underlying form. He was going at it in terms of immediate appearance. I was seeing what the shim meant. He was seeing what the shim was.
    En god venn har nettopp tatt lappen og fått seg en gammel dakar hest. Pga deg får han nå denne boken i gave:love:
     
    Tweedjakke

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    29.01.2008
    Innlegg
    4.479
    Antall liker
    4.614
    Sted
    Sunnmøre
    Fy flate, kor trått alt har gått siste halve året, både når det gjeld hi-fi og heimeinnreiing. Ingenting har bevegd seg ein millimeter.

    Godt det finst media som kan dekkja dei verkeleg viktige spørsmåla i vår tid. Spørsmål til nokon som har meir enn 3FY: når noko er tidlaust, kan det vel heller ikkje bevega seg? Neidå, det var ikkje eit spørsmål.

    IMG_0587.jpeg

    God helg.
     
  • Laster inn…

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Laster inn…
Topp Bunn