Uten å ta stilling i selve saken om politikamrene, så undrer det meg at Politiet (og "alle" andre) anså politireformen (= sentraliseringen) som en katastrofe, mens nå, i det man altså ønsker å reversere denne "katastrofen", ja, så er det feil, det også. Hva skjer'a?
Det gjev vel ei viss meining at alle strukturendringar er ein katastrofe (som eg nett forstod kjem frå gresk καταστροφή, "ei vending nedover"), og at det å behalda eit desentralisert tilbod ikkje er det same som å leggja det ned og så gjenoppretta det.
@BT skreiv vel at Sp gjekk til val på å køyra i revers, og det er på mange måtar sant. Historia om at alt vert sentralisert, og at verdien av nærheit og "stabile institusjonar i nærmiljøet" ikkje er med i reknestykket, er på ingen måtar heilt usann. Så då må Vedum avsentralisera det han kan, og det er jo ikkje så mykje.
Det er kommunen som legg ned skulen (fordi ein elevplass på Ytsteneset oppvekstsenter (fådelt) kostar tre gonger det han gjer i bygdesentrumet)
Det var eit (statsoppnemnt) styre i Nord Universitet som la ned lærarskulen på Nesna (på trass av inngåtte avtalar).
Det er helseføretaka som (vil) leggja ned lokalsjukehus og rehabiliteringsplassar.
Det er fylkekommunen som sentraliserer dyre vgs-linjer for å få råd til å byggja ein veg som uansett er så dyr at ingen vil køyra på han.
I alle desse eksempla ligg det ein tanke om at det offentlege skal tilby ei abstrakt "teneste" med høg "kvalitet", men inga førestilling om den funksjonen desse institusjonane har, nett der dei ligg. At såpass mange har stolt på Sp i denne saka, er eg ikkje overraska over.