Og hvor bærekraftig er det å sende unge mennesker med halvferdig videregående rett på uføretrygd?
Her trur eg faktisk at regjeringa har gjort noko rett når dei har bevega seg bort frå den mildt drakoniske grensa på maks fire år på vgs (sjølv om denne ikkje har vore heilt fastlåst, heller). Dersom dei samtidig hadde fått på beina fleire lærebedriftar, trur eg det også hadde hjelpt.
Edit; for nokre år sidan var Høgre (om eg ikkje hugsar feil) for eit slags “ekstraår” på ungdomsskulen for dei som openbert ikkje var klare for vgs. Det vart både kritisert og latterleggjort, men eg er overtydd om at grunnen til at mange ramlar utanfor på vgs, er at dei aldri var klar for å byrja der i utgangspunktet. Eg er, med andre ord, ikkje overtydd om at det var ein veldig dårleg idé.
Elles eg er heilt samd i at vi ikkje bør ha ei ordning der haugevis av unge vert sett rett på uføretrygd (ev. borgarløn) før dei kjem inn i arbeidslivet. Både fordi dei då i praksis kjem til å ha svært låg inntekt heile livet, og fordi det er veldig dumt å skapa ei større gruppe enn strengt naudsynt som er totalt avhengige av almisser frå staten. Gjerne jf. min eksegese av ortodoks marxisme tidlegare i dag.
Så her er eg ikkje totalt usamd med Brenna si arbeidslinje, altså.