Den skal ver veldig bra. Eg har to Yamaha pickuppar som enda er operative.
Ein godt brukt MC-7 som er ein knallgod budsjettmodell, og ein MC-1000 som var toppmodellen den gong eg kjøpte den på 80-talet. Den gongen fekk eg han ikkje til å fungere i den armen eg hadde, så den vart lagt i skuffa. Tok den fram for 2-3 år sidan og du og du - heilt på høgde med dei gode som fins i dag.
MC-1X har mykje mjukare oppheng så den trivs nok best i ein lettare arm, men ellers så er den ikkje så ulik MC-1000, så eg trur du vil få mykje godlyd frå platene dine.