Karakterfulle forsterkarar – Stig Arne si dagbok 2023

SAD0424 (1 of 1bcv.jpg


Åremålsdag og vitjing frå “soloppgangens land” - atter ei gong - har gjort at me er lovleg seint ute med ny dagbok. Men her kjem nokre gamle forsterkarar og ein “ny”, ein MAC og ein DAC og litt øl.

KARAKTERFULLE FORSTERKARAR
Det er vanskeleg å finna gode forsterkarar. Mange spelar middelmåtig til dårleg, ofte matte og likegyldige, eller harde og påtrengande. For dei fleste tykkjest dette å vera godt nok, men ikkje for ein som er litt meir kresen. Sjølv likar eg å testa yttergrensene, og då kan det låta verkeleg stygt, særskilt når små forsterkarar på 20-40 Watt strever med å driva små eller trøgdrivne høgtalarar. Då byrjar det fort å skrika, og det klarar eg berre ikkje. Det er jo nesten som å vera gift.

Rotel RA 820
Eg har prøvd ut ein del klassikarar opp i gjennom tidene, og denne figurerer ofte langt oppe på listene over Best Buys uansett årgang. Han spelte på mange måtar godt, men vart til sjuande og sist for hard i lyden. Men du verda for ein bass. Stram som eit bikkjeskinn.

Technics Stereo Receiver SA-5370
Denne lurte meg nesten. Han er frå 70-talet, og spelar kraftig med sine 60-70Watt. Akkurat det ineffektive høgtalarar treng. Eg var begeistra. Men det djupe lydbiletet synte seg berre å vera ein tunell utan lys i enden. Det eg hugsar best i ettertid var den grå/svarte atmosfæren og heller kunstige lyden. Saman med matchande platespelar SL-7 var dette eit pent par, men eg trur eg held med meg til platespelarane frå Technics heretter. Eg har sjeldan eller aldri sett ein Technics-forsterkar på ei Best Buy-liste. Men eg gjev aldri opp jakta på god lyd der du minst ventar han. I kjellaren står ein Kenwood og ein Sanyo...

Les heile dagboka i Audiophile.no
SAD0424 (1 of 8).jpg
 
Sist redigert:

Kommentarer

ERIKD

Overivrig entusiast
Ble medlem
06.11.2005
Innlegg
621
Antall liker
536
Sted
Longnose
Liten skrivefeil i øspalta, skal vel være ølspalta :)
 

sas1954

Medlem
Ble medlem
28.07.2007
Innlegg
7
Antall liker
2
Torget vurderinger
0
Har du oppgradert delefilteret i ns1000? vil anbefale dett i så fall:)
Nei. Har førebels konsentrert meg om å gjera meg godt kjende med dei slik dei er. Har "modifisert" dei aldri so lite: Har fjernet litt dempemiddel i kassa, sidan bassen er i turraste laget. Dei puster litt betre no. Har og dempa polstykket bak mellomtone-domen litt betre. Dette vil eg gjera greie for i seinare artiklar. Om du har eit forslag til betre delefilter frå ei seriøs kjelde, so kom med det! Har du NS 1000 sjølv? Har du modifisert dine? Kva baserer du anbefalinga di på? Mh Stig Arne
 

sas1954

Medlem
Ble medlem
28.07.2007
Innlegg
7
Antall liker
2
Torget vurderinger
0
Disse er ikke strame i huden :>}
Heheee, ja desse må verkeleg strammast opp! Har du vurdert dressurkurs? Eg prøvde å tenkja ut ein betre analogi enn bikkjeskinn, for den har eg brukt før. Men kom ikkje på noko i farta, dessutan hadde eg dårleg hastverk
Mh Stig Arne
 

steinost

Æresmedlem
Ble medlem
22.01.2004
Innlegg
11.527
Antall liker
8.790
Sted
Lillestrøm
Torget vurderinger
2
Heheee, ja desse må verkeleg strammast opp! Har du vurdert dressurkurs? Eg prøvde å tenkja ut ein betre analogi enn bikkjeskinn, for den har eg brukt før. Men kom ikkje på noko i farta, dessutan hadde eg dårleg hastverk
Mh Stig Arne
Mine er bare fluffy. Egner seg godt til akustikk.
😆😅😅🤣
20201101_183918.jpg
 

Gjest.

Hi-Fi freak
Ble medlem
12.09.2006
Innlegg
5.902
Antall liker
679
Hei, snakkar du om siste artikkelen min? I so fall takkar eg for ros. Du må gjerne utdjupe.
Mh Stig Arne
Ved å ta for deg apparater uansett om de er gamle, nye eller med en bestemt teknologi viser du en åpenhet for at det finnes mye som kan fungere godt uansett alder, merke eller pris. Ganske fordomsfritt og mere vitenskapelig riktig. Mijø- og ressurvennlig er det også. Jeg tror vi vil se mere av slik tenking i fremtiden, også på andre områder enn hifi. Fortsett på den måten!
 

Informasjon om bruker

Audiophile.no
Bransjemedlem
Medlem siden
Antall liker
1.028
Link til alle artikler
421
Audiophile.no sine annonser
Audiophile.no
Magico S3 2023 – Norgespremiere hos Duet Audio

Magico S3 2023 – Norgespremiere hos Duet Audio

  • 0
15 juni var det norgespremiere på Magico S3 2023. Audiophile.no avla Duet Audio en visitt både for å overvære lanseringen og for å besiktige denne aktøren sine nye lokaler. Duet Audio sine nye...
Fortsett
Audiophile.no
TEST HD 620S – et annerledes bidrag til Sennheiser sin 600-serie

TEST HD 620S – et annerledes bidrag til Sennheiser sin 600-serie

  • 0
Da Sennheiser annonserte sin nye HD 620S i begynnelsen av mai var det en nyhet som fenget min interesse langt over middels. For dette er et nytt bidrag i produsenten sin klassiske 600-serie, og da...
Fortsett
Audiophile.no
Dårleg lyd – Stig Arne si dagbok april 2024

Dårleg lyd – Stig Arne si dagbok april 2024

  • 5
Omfattande utskiftingar i stereoanlegget kasta meg ut i ei reise kor det tok tid å koma attende til eit akseptabelt resultat. Slikt lærer ein av. ORSAKINGAR I KØ I førre dagboka orsaka eg meg...
Fortsett
Audiophile.no
Sonos Ace – hodetelefondebut fra multiromspesialisten

Sonos Ace – hodetelefondebut fra multiromspesialisten

  • 0
Sonos har i dag lansert et produkt vi har sett komme i fem år. Det gjør ikke produktet mindre spektakulært, og ganske overraskende. Sonos Ace er hodetelefoner som på noen områder går helt nye...
Fortsett
Audiophile.no
HD 620S – Sennheiser går nye veier i 600-serien

HD 620S – Sennheiser går nye veier i 600-serien

  • 0
Sennheiser har annonsert en ny spennende modell i den klassiske 600-serien. Men her er det mye som ikke samsvarer med signalementene til det vi er vant med i denne serien som mange av oss har...
Fortsett
Audiophile.no
TEST: Jasmine Turtle – en ærlig sak

TEST: Jasmine Turtle – en ærlig sak

  • 2
Jasmine er en kinesisk produsent som har vært på markedet i ganske mange år allerede. Jeg har ikke vært mye borti de selv, men har blant annet merket meg at RIAA-trinnene deres har fått mange...
Fortsett
Topp Bunn