^ Eg trur det varierer veldig, ofte ut frå kompetanse til å navigera i eit system med krav om dokumentasjon, korleis ein skal spørja på rett måte osb.
Her er oppslag frå i sumar, frå ein familie der eg er på hels med mora og kjenner ungane gjennom skule/barnehage.
Ber dottera opp og ned trappa kvar dag.
www.nrk.no
Eg har ikkje grunnlag for påstå at det har skjedd noko gale, men det er nok samtidig ikkje slik at dei opplever at det vert kasta pengar etter dei.
Eg las Jan Grues "Jeg lever et liv som ligner deres" (2018). Grue er ein fyr som har greidd seg ganske godt i livet: professor, forfattar, gift, barn og alt det der, men samtidig alvorleg funksjonshemma. Der fortel han om korleis foreldra (også med solid utdanning) hadde hyllemetervis med dokumentasjon, søknader, legeerklæringar og alt det der for at han skulle få best mogleg tilrettelegging, slik at han kunne leva eit tilnærma «normalt» liv, som likevel aldri vert meir enn «tilnærma» normalt.