I dag nådde eg målet mitt. Mykje bra trening, omlegging av kosthold, mill inntak av alkohol og vekk med det meste av medisin.... 85kg!!
Når eg starta reisa så var eg godt over 110kg, slutta å vege meg når eg passerte 110kg.
Skal på årskontroll av diabetesen i starten av november. Så skikkelig spent på resultata frå prøvene der. Då testa dei alt pluss EKG.
Ein ny milepæl nådd, no er det berre å justere kostholdet slik at eg ligg rundt 85kg.
Feira på forhånd i helga med shoppingtur sammen med frøkena. Absolutt alt av kle har blitt posete og boksene mine har plass til 3 neva mellom mage og knappen. Så fortjente ny garderobe synes eg. Dvs må kjøpe inn litt etter litt, men nokre bukse, t-skjorte og fin skjorter vart det. I slim fit må vite..
Nåken som treng finskorter i XXL?
Snart helg igjen no, og då blir det nok ein tur på Brør for å feire igjen.