roeng2
Hi-Fi freak
God jul
Sjekka tilfeldigvis prisane pÄ dei ulike delane til platespelaren . SÄ fÄr eg heller leve med at han ikkje er sÄ vakker (og at Makkintosken har ein endÄ feitare spelar)Vis vedlegget 397951
Det vert ikkje lyd utan ei signalkjelde. Her er den eg har prioritert. Utgangspunktet var VPI Super Scoutmaster. Denne er utstyrt med SDS straumforsyning, som transformerer "kvasomhelst" av vekselstraum til dei 120V 60Hz som spelaren er designa for, og som er ein av dei beste beltedrivne systema som er tilgjengeleg (denne "billege" SSM er ikkje lenger i handelen, men du kan fÄ same drivsystemet for dobbel pris dersom du kjÞper ein HR-x).
I tillegg la eg ekstra pengar i ein spesialtallerken. Dei standard akryltallerkane som VPI stort sett satsa pÄ den tida dÄ eg var i kjÞpemodus var gode, men ikkje heilt utan eigenlyd. Difor leverte dei ei kort periode ein svinetung spesialtallerk som var ekstremt dau. Tung Ä fÄ i sving, men han skapar meir ro i lydbildet, og fÄr tydeleg fram dynamikk. Det fÄr SSM til Ä likne litt pÄ dei betre Nottinghamspelarane, ein slags mellomting mellom desse og dei dynamisk glade standard-VPIane. Vel verd pengane, meiner eg.
DÄ eg skulle pakke ut spelaren, vart eg litt forskrekka. Det var med to svinghjul til motoreininga. Og den eg ikkje hadde bestilt, var litt merkeleg. Her var svinghjulet laga med ein ytterkant som var meint Ä ha kontakt direkte med platetallerkenen. Dette var vanskeleg Ä fÄ til, for kom han Þrlite for tett pÄ tallerkenen, forplanta det seg motorstÞy. Og var han litt for langt i frÄ, vart det ikkje skikkeleg kontakt. Og skilnaden pÄ desse to ytterpunkta, var berre eit par millimeter... Men sÄ kom det ein konvolutt til meg frÄ VPI, og den inneheldt ei brun pakning som erstatta den svarte eg hadde opprinneleg. Mykje betre, og lettare Ä bruke.
Eg var i utgangspunktet ganske fornÞgd med armen, JMW 9 Signature. Men han eignar seg ikkje til spesielt mange pickupar - veldig god til Dynavectorpickupar, men hÄplaus til Denon 103 (som eg er glad i). Det vart difor til at eg skifta arm til ein 12" Kuzma. Eg hadde veldig lyst pÄ den nye 14", men han var for dyr for meg - og sÄ var det ikkje rÄd Ä montere han pÄ SSM-spelaren. Skifte spelar etter alt dette styret, gidd eg ikkje.
Kuzma-armen er veldig god, og eg merkar at han bÄde gjer ein betre jobb med pickupane, og ogsÄ klarar pickupar som gamle JMW 9sig ikkje fiksa. Det er nok til hjelp at armen er tolv tommar lang. Elles er det ein fin arm, med heiltrukken leidning frÄ pickup til riaakontakter. og utskiftbart pickupshell av eigen Kuzma-standard, som sit som spikra. Einaste tungvinte faktor er at leidningane mÄ takast av pickupen for kvart pickupskift. Det mÄ vere sÄnn, elles vert det skÞyt av desse svÊrt viktige leidningane - kanskje den viktigaste "kabelen" i anlegget....
Synd du bur pÄ ein stad der einebustadar berre kostar ein ÄrslÞn.Elles rakk eg Ä stikke innom Stereofil i Grensen pÄ vegen heim frÄ Horten-messa. Der har dei utstilt eit sinnsjukt mbl-anlegg, og fekk lytte litt pÄ dette. Fekk eit lite anfall av overmot dÄ dotter mi (som fylgde faren til toget) sa:
"Pappa, dersom du kjĂžper nokre slike, vil eg gjerne overta gamlehĂžgtalarane dine":
Lite tenkte ho pÄ gjelda ho mÄtte hanskast med nÄr eg vandrar.
Men er du i hovudstaden, er det godt anvendt tid Ă„ stikke innom Stereofil for tida. Trass i at du vil vere uroleg i Ăžyra (og lommeboka) nokre veker framover....
Noko heilt anna; er det nokon som har kasta seg pÄ bÞlgja med kassettar i det siste? HÞyrer slikt produserast igjen, mellom anna av Teac. Kunne vore artig Ä prÞve att - min gamle Alpage har takka av, men kassettane har eg ikkje kasta.