Tenker dette skaper litt uro i H, og kanskje også litt i lokallaget i Nidaros.
Det blir veldig spennende å se hvordan meningsmålingene vil se ut fremover. Hvem vet, kanskje H og Ap finner sammen og danner en lilla-regjering.
De står nærmere hverandre enn de gjør til Sp og Frp, ved å samarbeide kunne de satt begge på sidelinjen en stund. Kanskje ikke så sannsynlig, men
lov å håpe.
Det verkar iallfall som om erstatningane er dominert av "Støre-fraksjonen" i Ap?
Ja, eg har sett ein del som har spurd seg om straumgrepet var første steg på vegen til ei AP/H-regjering (ei "EØS-regjering"). Eg trur det er er svært lite sannsynleg. Det er ein posisjon det er umogleg for både Ap og Høgre å driva valkamp for. Rett nok tviler eg på at Ap vil forplikta seg til å danna ei SV-Ap-Sp-regjering før valresultatet er klart, men Ap-Høgre vil vera ekstremt retorisk vanskeleg for Ap, også etter valet. Kanskje ikkje like vanskeleg for Høgre?
Eg ville sett sannsynet for Ap/H svært lågt, men det er mogleg å sjå føre seg eit par konstellasjonar der det
kanskje kan gå an.
I mitt hovud krev det at Ap + H til saman ligg temmeleg tett på (gjerne over, og iallfall ikkje langt unna) 85 mandat tilsamen, samtidig som
- Sp/Frp verkeleg skulle finne saman og planleggja ei regjering saman, og/eller
- SV/R vart tilstrekkeleg store til at Ap ville verta marginalisert i regjering, og tvungen til å innføra tiltak dei absolutt ikkje vil (dei to viktigaste områda der er EØS og olje/gass).
Eg har ikkje finrekna, men eg trur ikkje det er mogleg å konstruera ei samansetning av Stortinget der alt dette er tilfellet?