Einig. Det er begrensa kva verktøy Stoltenberg har for å utføra så veldig mykje. Budsjettet er lagt, og kronekurs og rentesats har finansministeren berre indirekte kontroll med. Å plutseleg skulle hamna på utsida av tollmurer til EU vil vera problematisk, men det er like mykje eit diplomatisk som finanspolitisk spørsmål.
Som
@pedal nemnde: det vert spanande å sjå om Ap kjem til å ta nokre steg for å møta kritikken av skattesystemet. Det som talar for det er at systemet kanskje (eg veit ikkje) har vorte litt meir av eit lappeteppe med litt uoversiktelege moglegheiter for skatteplanlegging. Det er noko NPM-Ap tradisjonelt har prøvd å motarbeida.
Eg trur tida er for kort til eit forlik, og at høgresida neppe vil gje frå seg moglegheita til å køyra skattesatsar i valkampen. Dessutan vil SV (og grenselandet SV-Ap) steila dersom Ap går for langt til høgre her. NOUen frå Skatteutvalet vart vel lagt i ein skuff utan særleg behandling i Stortinget, om eg hugsar rett?