Er nok innenfor i et CEO veldet slik dem ser for seg det nye verdensbildet
Kongehusa i Europa har lange tradisjonar med "hoffleverandørar" (i Storbritannia Royal Warrants). Frankrike har litt av det same, med tittelen «Offisiell leverandør til Élysée-palasset»:
no.wikipedia.org
På mange måtar fungerer desse utnemningane som ei nasjonal velsigning av visse (nasjonale) produsentar. I Noreg er det vel ordninga avskaffa, trur eg, og i Danmark er ho under avvikling.
Om den britiske kongen skulle kle seg offsielt i noko anna enn dressar frå Savile Row, hadde det fort vore nådestøytet for monarkiet der borte (det skal han forresten ha, kong Charles har vore ein glimrande ambassadør for britisk stil og britiske produsentar heile livet).
Over a lifetime in the public eye, King Charles has cultivated a taste for fine tailoring. Many of his custom suits have been in his closet for decades.
www.wsj.com
Men, eg tenkjer det er like naturleg at den amerikanske presidenten køyrer GM, Ford eller Tesla som at det britiske kongehuset køyrer Land Rover, Aston Martin og Bentley, eller at den franske presidenten køyrer Citroën.
Det er vel mest den idiotiske tonen eg reagerer på. «No skal eg gå ut og kjøpa den største og finaste Tesla-en min gode ven har. Han er ein bra type!». Eg veit vi er forbi det punktet no, og at Trump forsøker å vera «ikkje-presidental» i forma, akkurat som tech-CEOs ofte legg seg til ein ikkje-CEO stil med caps, t-skjorte og skinnjakke (ok, eg kalla det «fritidstøy» ein gong, og då lo kona nesten like lenge som dei gongene eg har brukt ordet «sportsjakke»).
Eit meir sakleg argument er timinga: at det er eit utspel som kom fordi Tesla er i ferd med å verta upopulært. Det er noko anna å gå ut for å redda aksjekursen til cronies enn å diskret strø glans på amerikanske bilar.