Vel, innlegget ditt peker klart og tydelig på EU ! Alt vondt kommer fra Dyret i åpenbaringa - EU. Litt som den krumme/rette agurken fra EEC avstemminga.... ? Forøvrig kalles ofte sommertid for "lightsaving hour", på sørlige breddegrader hvor det er mørkt om kvelden.
Det var vel motivasjonen her i landet også: få mest mogleg av den våkne tida på tidspunkt når det likevel er lyst ute.
Mi ærlege oppfatning er at det i moderne tid er relativt tullete, og gjev minimalt med energisparing. Men når vi først skal ha det, er det iallfall lurt at alle har det, og byter på likt. Reiste Egypt-Jordan-Syria kring påsketider (det må vera om lag 20 år sidan), og alle hadde ein slags sommartid, men bytta på forskjellig tidspunkt. Fullstendig kaos.
Eg er også skeptisk til ideen om tidssonar.
I nokre år hadde eg eit innfall om å berre bruka UTC sjølv, og så heller konvertera løpande til og frå politisk tid (her i Noreg: UTC+1 pluss evt sommartid). Det vart litt upraktisk i lengda. Akkurat som eg forstod, etter å ha prøvd, at det var upraktisk å bruka dagnummerdato (ordinal dates, YYYY-DDD). Det
er ein gyldig
ISO 8601-representasjon, kompakt og fin, men når
alle andre bruker anten YYYY-MM-DD (månadsdato) eller YYYY-Www-D (vekedagdato, «måndag i veke 14») vart det for mykje mellomrekning. Det fekk halda å bruka YYYY-MM-DD, sjølv om den norske DD.MM.YYYY er
nesten like bra.
Eg irriterer meg også over AM/PM, amerikanske Flintstone-eningar og er sur fordi esperanto aldri vart det dominerande «lingvo internacia». Eller at QWERTY, ikkje Dvorak, er standard tastaturutlegg. Eller at vi bruker dobbeltkonsonant på ein korka måte i norsk ortografi.
Ja, de skjønar teikninga. Som ein bonus skal eg prøva å dra ting on-topic att.
Skal eg trekkje fram ein positiv ting med EU, er det at dei er ein motor for å standardisera uviktige og vilkårlege nasjonale standardar, medan dei tek vare på dei viktige.