Eg held med desse råda:
Audio-Technica AT33PTG/II - 6590,- Beste alternativ i prisklassen, dersom du vil ha både oppløysning, klangbalanse, dynamikk og ein relativt grei pickup å montere.
Denon 103. pris rundt 3000 . Beste kjøp. Litt feit lyd, og du forsakar litt når det gjeld tredimensjonalitet og perspektiv generelt. Men utruleg sjarmerande.
Dynavector dv 10x5 (toaren har eg ikkje høyrt) kostar 4000. Ein av dei snillaste pickupane på marknaden, både ovanfor klang, dynamikk, pickuparm og riaa. Er dessutan ikkje heilt på trynet når det gjeld perspektiv.
Eg har alle tre (har AT33SA som er eit ørlite hakk betre, og ein del dyrare enn PTG/II), og vil helst ha dei alle saman ....