Våren trugar, men me held stødig fram med CD-spelarar, og i ølspalta har ølet denne gongen vorte destillert til whisky.
4 CD-SPELARAR
I februar-dagboka skreiv eg om ein for meg totalt ukjend CD-spelar, Xenon CDH-O5F, med framifrå resultat. Eg samanlikna han med ein Philips CD-618, kjøpt i ein bruktbutikk i Førde. Dermed var eg komen litt inn i ei CD-boble, og nokre få kveldar seinare heldt eg fram med å prøva ut eit par andre spelarar eg har hatt liggjande lenge, ein Harman Kardon HD 7400, og HD 7600 II. Etter denne samanlikninga ville eg atter lytta til Xenon, og sette denne oppå HD 7600. Då let han slett ikkje slik eg hugsar. Han let diffust. Eg fekk ein mistanke. Eg fjerna HD 7600 og let Xenon stå åleine. Då kom den gode lyden attende.
Eg oppdaga med dette noko eg eigentleg visste frå før, nemleg at komponent som står oppå kvarandre, dvs kloss i kvarandre, smittar. Det kan vera brum frå trafoar, eller andre ting, som kan gje ein litt klemt lyd. Når det gjeld CD-spelarar, er det visstnok slik at konverterane (DAC), om dei ikkje er godt isolert, eller om ikkje kabinettet er godt isolert, sender ut høgfrekvent støy, som kan smitta over på andre nærståande apparat. Eg gjennomførte difor testen på ny, ein CD-spelar i gongen, medan dei andre sto til oppvarming andre stader. Eg har no sett saman ein ny “test” av desse fire CD-spelarane, i von om at det framleis er aktuell lesnad. Eg trudde at CD-spelarar var heilt “ute”, men Oddvar i Brukt´n seier at det framleis er god etterspurnad etter brukte CD-spelarar. Truleg av di mange av oss har mange CD-plater, som me framleis ynskjer å spela.
HARMAN KARDON HD 7400 (1991)
Akkurat som med Xenon, tok eg denne med heim frå Brukt´n, for å sjå om det var liv i han. Det var det, eg kopla han opp på anlegget og det let fint.....
Les heile dagbokartikkelen til Stig Arne i Audiophile.no