Denne gongen er det strøymetenestene som får gjennomgå. Dei som alle nyttar, og som alle klagar på.
For andre gong på rad skal eg koma attende til noko eg har lova å kome attende til. Sist var det Audioquest Dragonfly Red mot den nyare modellen Cobalt, der eg kåra den eldre og billegare Red til vinnar. Eg står framleis ved den avgjerda. Cobalten er til sals.
APPLE MUSIC MOT SPOTIFY
Spotify
For mange år sidan, då strøyming var noko nytt, valde eg å installera Spotify, sidan det var den “alle” brukte. Etter å ha gjort meg kjend med bruken, oppgraderte eg til betalingsvarianten Premium, som har høgare kvalitet, dvs 320Kbps, mot reklamevarianten sin 128Kbps. Etter at Terje gjorde meg klar over innstillingsmoglegheitene og valde høgaste mogleg kvalitet, har eg vore ganske nøgd. Men som Apple-brukar var det naturleg å prøva ut Apple Music (tidlegare iTunes), avdi denne er sokalla lossless, dvs. CD-kvalitet (1411Kbps) eller betre. I det seinare har eg abonnert på begge tenestene, for å kunne samanlikna dei med kvarandre. Og vona har vore at eg kan konkludera med kven av dei som er best, eller i alle fall kven eg likar best. Eg treng ikkje meir enn ei strøymeteneste, men vil jo bruka den beste.
Apple Music - fyrste utprøving
Fyrste gongen eg samanlikna, gjekk eg “automatisk” ut i frå at Apple var best, sidan denne er lossless (tapsfri, dvs. ukomprimert), medan Spotify ikkje er det. Ei vanleg felle å gå i. Men ein gjennomgang med Helge som sidelyttar gjorde at eg måtte revurdera. Helge er i motsetnad til fleire av politikarane våre uhilda og nådelaust ærleg, og hevda hardnakka at Spotify let betre. Eg innsåg etter kvart at han hadde rett. Og for å berga mitt eige skinn må eg få tilføya at eg faktisk VAR litt i tvil i - og har difor helde fram å undersøkja. Som eg skreiv i novemberdagboka, var det uvisst om eg hadde lytta til den nyaste utgåva av Apple Music, grunna ein aldrande Mac Pro.....
Les heile dagbokartikkelen til Stig Arne i Audiophile.no