Orignalen best? Tja....kjem an på kva for ein original. Technics har laga mykje spennande opp gjennom åra. SL 1000 mk III er nok det beste. (Nesten uråd å få tak i, til tilnærma edruelege prisar, men MK II kan finnast. Desse var bygde for å vare, noko dei i høgste grad gjer framleis).
Det kan hende AT-spelaren "er ein Technics", men kanskje nærare ein 1500? Denne var designa for stovebruk, ikkje diskotek, og var litt lettare/enklare. Same spelaren, med ulik grad av automatikk på armen, var også tilgjengeleg som stovespelar (1300, 1400 og kva det no var. 1600 og 1700 fantest også, utan at eg forstod vitsen med å køyre så like modellar som alternativ).
1200 er ein veldig ok spelar, men kosta (då som no) meir enn "tvillingane" sine. Eg samanlikna alle desse Technicsane på 70-talet, og var ikkje i stand til å skilje dei, dersom eg spelte med "normal" lydstyrke (spelte nok høgre den gongen enn no...). Eg kjøpte difor den rimelegaste, 1500 utan automatikk. Etter kvart oppgraderte eg til SL 1000, noko som eg opplevde som ei etter måten stor forbetring. Seinare kom Technics med ein ny mk 2-serie DD-spelarar. Desse fekk eg ikkje gjort direkte samanlikningar med den gamle SL 1200-serien, men eg samanlikna med SL 1000, som ganske tydeleg "banka" den nye generasjonen. Eg fekk likevel inntrykk av at dei nye mk 2 var betre enn dei fyrste (dette må sjåast på som "synsing", sjølvsagt)