Omfattande utskiftingar i stereoanlegget kasta meg ut i ei reise kor det tok tid å koma attende til eit akseptabelt resultat. Slikt lærer ein av.
ORSAKINGAR I KØ
I førre dagboka orsaka eg meg for å skriva om gamle kassettspelarar. Denne gongen vert da litt av kvart, blant anna eit par dac-ar, inklusive Audioquest Dragonfly Red, som eg har skrive om før. So må eg orsaka meg på ny? Vonaleg ikkje. Ein DAC er det beste tilleggsutstyret eit stereoanlegg kan ha, om du vil ha god lyd frå mobilen eller datamaskina, for den innebygde dac-en i desse apparata er av ussel kvalitet. Eg koplar Mac-en - og stundom mobilen - til stereoanlegget via ein slik utvortes dac. Eller bruk hovudtelefonar, slik ungdommen gjer. Artikkelen om kassettspelarar vart forresten særs godt motteken av redaktøren, so ein oppfylgjar er på veg, med modellar frå Tandberg, NAD og fleire.
Besøk
Vitjing frå utlandet gjorde at eg måtte gjera endringar i anlegget, for Stig Inge verka etter å få lytta til nokre komponent eg tek vare på for han. Det dreier seg om ei spesialutgåve av den klassiske og vidgjetne 25-wattaren frå Electrocompaniet, der heile straumforsyninga er røska ut og erstatte med ei spesialbygd frå Tyskland. Også forforsterkaren Pre 2 har fått ny straumforsyning i form av ein liten utvendes boks, som ein “batterieliminator” - i desse dagar kalla ladar. Normalt får Pre 1 og 2 straum frå effektforsterkaren. Denne forsterkarkombinasjonen spelar forbaska godt, meir om det seinare. Høgtalarane var også frå Electrocompaniet, modellen Objekt, “pyramiden", konstruert av Svein Erik Børja. Dei vil eg og koma attende til ved eit seinare høve.....
Les heile dagbiokartikkelen til Stig Arne i Audiophile.no