Audiophile-Arve
Æresmedlem
1. Ja, det er gjerne slik at superkomponentar kostar flesk. Men det går an å finne bra ting på bruktmarknaden. Hugs at ein forsterkar frå 1986, om han er pent medferen, har den same gode lyden i dag som han hadde dengong, då han gjerne fekk gode testar. Men han ser kanskje ikkje så stilig ut, og dagens avantgarde har gjerne endå betre eigenskapar, iallfall på visse felt.
2. Mitt avkom er nok miljøpåverka, men set uansett stor pris på kvalitetslyd. Signalkjelda er oftast strøymetenester, og lydstyrken er tilpassa hybel-og leiligheitslivet i Bergen. Men så er det slik at dei er glade for å komme heim.......
3. Det treng ikkje vere slik. Sjølv om komprimering er ein uting når det overdrivast, er det musikksjangrar der dette ikkje er avgjerande for den musikalske opplevinga. Men ikkje spel komprimert klassisk.
4. Slik har det då alltid vore? Hugs musikkeffekt og frekvensområde i postordrekataloganlegga på 70-talet. Men eg saknar hifi-kompetanse hjå Elkjøp, Power og kvadeinoheiterallesaman. Difor er det veldig greitt med spesialbutikkar. (Noko vi burde hatt langt fleire av, sjølvsagt).
5. Det har folk flest ikkje plass eller råd til, vil eg tru.
6. Det går med Mohito og countrymusikk også.