Evolusjon eller mi hifi-soge:
1958 - 70: Philips radio og platespelar. Spelaren hadde både 78 og 16 r.p.m. Spelte Ingebrigt Davik "Det hende i Taremareby" til resten av familien ikkje orka meir. Radioen har eg endå, men han verkar ikkje. nokon som vil kjøpe?
1970-1973: Philips kassettspelar. Morosam sak. Mono, naturlegvis. Gav han vekk .
1973 -77: Konfirmasjonanlegg Garrard AP 76, Tandberg TR 200, Tandberg HiFi 12. Vart brukt veldig myke, Gymnasiast med tunghøyrd hybelvertinne.
1977 - 78; Technics SL 1500, Micro Acoustic 2002, Technics SU 8080 (eller SU80 - kjøpt i Japan) Bose 901 mk 2
Oppgraderte til Bose 901 mk 3, og kvitta meg etter kvart med heile greia - reiste i militæret og vart der 18 månadar. Var på minesveipar, og fekk besøkt svært mange hifibutikkar der båten la til kai. Fekk høyrt massevis av utstyr, Quad ELS 57, KEF, B&W, ikkje minst fekk eg besøke Bolse, som dreiv Oslo HiFiCenter. Heime hadde han ikkje berre JBL toppmodell frå 60-talet, men ein høgtalar som sende meg ut på leit, Beverigde 2. Mest fantastiske lydattgjeving eg har høyrt, fram til eg enda opp med mbl. Elles var båten mykje på Haakonsvern, slik at Bergensbutikkane vart mykje besøkt. Vart kjend med Roald Mikkelsen, og høyrde mykje spennande i butikken hans. Nokre spinnville kompisar med morosame agentur og tilgong på lydprodukt var nok også med på å skape entusiasmen min.
Så dimma eg, bestemte meg for å bli lærar, flytta på hybel, og fekk eksperimentere ganske mykje. Jobba laurdagane på Sunnmøte HiFiCenter. Hugsar eg leika meg med Thorens platespelarar, Rogers LS3/5A, Klipsch La Scala, Audio Research Sp 6 og D52, Magnepan Timpani 1D og MG II
1979: Kjøpte Technics SL 1000 mk II, NAD 1020 (inntil vidare, forforsterkardelen av NAD 3020), Kenwood L07M, IMF TLS 80
Kjøpte deretter ein Presicion Fidelity C4. Fantastisk lyd, men han var ustabil, og eksploderte til slutt - det må ha vore i 1981. Prøvde også massevis av pickupar - har ein del av desse endå. Jobba med MC-forsterkarar, og vart sittande med ein Technics MC 300, batteridriven. Men fekk prøvd mykje anna også. Spelte i band, og kjøpte ein Teac Tascam 144 til lydredigering mm. Og ein del anna stasj som det går for langt å fortelje om.
Flytta heimatt i 1983. Hadde for lite jobb, og prøvde å tene litt ekstra ved å skrive for Puls HiFi. Nytt hus, med rommet eg har brukt sidan den gong til anlegget. Hadde bestemt meg for å ha eit skikkeleg anlegg, sånt som ikkje måtte skiftast ut. Så eg kjøpte svære elektrostatar, Acoustat 4. Men desse kunne ikkje drivast av Kenwoodane, så etter å ha vore på bryllupsreise til England, fekk eg ein Grant G 100 AS. Fantastisk lyd, og den eksploderte Presiscion Fidelity måtte erstattast. Eg måtte berre ha rør, så det vart ein Le Tube (i denne tida høyrde eg skilnad på kablar så lett som berre det - Le Tube er veldig sær).
Så streika Granten. Ingen ville reparere han, til eg traff ein rørentusiast. Vi starta nesten produksjon av rørforsterkarar, men det er ei anna historie...men det er verd å merke seg at eg tok sjansen på å kjøpe ein Audio Research SP 10. (Den har eg endå)
Seinare vart eg invitert til å skrive for Audio, då dette vart uavheigig Audioscan. Bladet gjekk etter kvart bort frå Bergensmijøet, og eg fekk full jobb, slik at skrivinga ikkje vart så aktuell lenger.
Hadde eigentleg lite sans for CD-mediet, men med småbarn var vinylplatene litt for dyrebare til at eg kunne ta dei fram så ofte som før. Så eg oppdaga kvaliteten som låg i brukskomforten i ein Sony magasinspelar med plass til 200 CD-ar. Opplevde lyden som dårlegare enn vinyl, men når ungane kunne trykke på fjernkontrollen, og eg ikkje trengde vere redd for noko, var dette noko som fekk meir musikk i heimen - og det var eit stort pluss.
Skifta ikkje noko i anlegget, bortsett frå at eg gjekk over til ein ET 2 tangentialarm på platespelaren, og prøvde nokre nye pickupar, enda med ein VdH MC 10, men med stadig fleire småbarn i huset måtte elektrostatane ut. Så vart dei erstatta av Genesis 8300F, som var Arnold Nudell sitt nye merke. Kjempehøgtalar på mange måtar, men strengt tatt inga oppgradering. Eg vart invitert til å skrive for Audio Video, noko som var svært interessant.
I 1997 flytta vi til spania, og eg selde SL 1000-spelaren. Med tangentialarm og alt. Latterleg billeg. Kjøpte ein Linn Sondek i staden, men angrar framleis...
Etter eitt år i utlandet, flytta vi heim. Genesis-høgtalarane vart avhenda, og eg ville ha elektrostatar. Kjøpte ein fanastisk hybrid, InnerSound Eros, med eigen bassforsterkar, Prøvde ein Luxman integrert forsterkar, som erstatta Granten, men det vart vanskeleg å få denne til å henge saman med Eros sin bassforsterkar. Denne måtte erstattast av ein Copland 520 transistorforsterkar eg hadde hatt til test. Prøvde mange forforsterkarar, men fann aldri noko eg vart skikkeleg fornøgd med. Så vart eg invitert til å skrive for
www.auidophile.no, og etter kvart tok eg ei full utskifting,2008 (platespelar) - 2013 (forsterkar) der eg enda opp med det eg har no. Har ikkje endra så mykje sidan eg fekk dette til å fungere.
I grove trekk.