Eg veit ikkje korleis det er med opningstider, men Mundal i Fjærland er eit av dei flottaste hotella av gamlesorten eg har vore på. No er det 20 år sidan besøket mitt, men det var fullstendig urøyrt av ombyggingskåtskap den gongen. "Bokbyen" er lokalisert til same bygda, så er du litteraturinteressert i tillegg, er dette eit brukbart val. (Lat deg ikkje skremme av det arkitektprisa bremuseet som ligg der du tek av frå hovudvegen. Sjølv om dette liknar på noko tyskerane lot etter seg i 1945, har det hausta mykje lovord. Dette syner tydeleg at ein treng forståsegpåarar for å forstå at noko er bra.)