Her kjem sterkt subjektive vurderingar - som du heilt klart må tilpasse eigen smak:
Med eit budsjett på 70 K i lomma, ville eg høyrt på rådet om å sjekke ut kva Rogue har å by på. Veldig greie forsterkarar, med gode riaatrinn, som har mykje bang for the bucks.
Og så må høgtalarane passe til, og dessutan vere i samsvar med det du sjølv likar. Sjølv er eg elektrostatmann, og hadde nok lukta på Martin Logan, eller bruktmarknaden.
Pickupar er det mykje kjekt å lytte til, men eg har veldig sans for Soundsmith for tida - Aida er min favoritt, men då må ein finne ein god arm. Og det er ikkje heilt enkelt. Men Dynavector er også veldig bra. For ikkje å snakke om alt det andre fine ein kan få....
Eg spelar på VPI, men no er det visstnok vanskeleg å oppdrive dei innanlands. Clearaudio har gode alternativ, men dei feite spelarane er ikkje importert for tida, så då må ein sjanse og bestille ut frå magekjensle, eller slå seg til tåls med det som er utstilt hos Soundgarden. Så har vi Nottingham og avleggjarane derifrå, topp spelarar, alle saman, (sjølv om eg ikkje er vidare begeistra for armane) Flottast av alt er kanskje Kuzma, men det kostar no litt, då. Eg har heller ikkje motforestillingar mot Rega, Denon eller nokon av dei andre travarane.
Andre signalkjelder: Høyrde Oppo 105 for litt sidan. Likte godt det eg høyrde, og kunne godt tenkje meg denne sjølv - mykje for pengane, og ein lyd som er meir enn ok. Om du "berre" skal spele sølvplater, er det mykje billeg på bruktmarknaden for tida.