Nei, eg har ikkje prøvd ut så mykje Nordost, og eg har ikkje fått dei på heimlån, av ein eller annan grunn. Eg har sagt meg villeg til å prøve ut desse også, og kunne med glede prøvd å heve kvaliteten på musikkanlegget mitt endå meir. I så fall treng eg 2*2-2,5 meter biwiringkablar, og ein signalkabel på 2,5 meter.
Innvendingane du kjem med føyer seg inn i tilsvarande eg har høyrt, som eigentleg berre provar at "ein ikkje kan stige ned i same elv to gonger" - det er uråd å halde kontroll på alle parametrar, og om nokon skulle gjere eit heiderleg forsøk, kan ein alltids finne nye parametrar som ikkje er konstante. Dette med innbrenning dukka opp etter at testpilotane til sist greidde å få kablar av same lengde, og etter at dei var snudde i same retning. Straumplugg-vending var ein sak som dukka opp på slutten av 80-talet, og mange høyrde store skilnadar, samstundes som det vart erklært uvisst i kva grad vårt norske flytande jord-straumnett gjorde slike faktorar uinteressante.....det har vore mykje tekniske diskusjonar, svada-tekniske diskusjonar og svada-diskusjonar.
Nokre opplevingar har eg likevel hatt, og etter fattig evne har eg prøvd å skrive om ein del av dei.
Her er eit gammalt forsøk på å gjere ein seriøs jobb, som eg sleit med. Brukte svært lang tid, som det går fram av artikkelen:
Kabler - de farlige forbindelsene...
Etter desse traumane tok det ei tid før eg prøve meg på tilsvarande:
Skogrand - ny, norsk produsent av høgtalarkabel
Mitt siste logga stunt var dette:
Paradoxal kabelmoro - Overture
Så fann eg denne også:
Viablue hifi-garnityr - kosmetikk eller godlyd?