Godt å sleppe OL og dette å få vite kven som presenterer programmet.
Under den store NRK-streiken for eit desienn eller to sidan, vart det ikkje sendt anna radio enn arkivopptak, og for å provosere, hadde teknikarane sett på ein teip med programmet "Drømmen om et hus på landet" der Gunnar Bull Gundersen diskuterte, las opp og sånt i tre timar.
Eg hadde på same tid ein lang køyretur. Dette var uhyre interessant, og den godaste Bull Gundersen fekk grunnlag for ein ettertanke som er totalt fråverande i alle media for tida(utanom nokre bøker der handlinga går svært sakte).
Dette programmet, altså Hurtigruta, har ein slik mental ro over seg som bryt med postmodernismen sit dystopiske jag framover. Noko heilt nytt. Det er ikkje som Warhol sin toskne film, Ringenes Herre sin epikk, slektsromanar eller ein såpeserie, men handlar om ei reise. Ei forteljing som er lavmælt, men likevel storveges. Tenk på å skape musikk til dette! Smetana hadde gått bananas.
Eg håpar dette er fyrste varsel om det som skal komme etter at postmodernismen har tatt slutt. Eg er så frykteleg lei.
Gud signe NRK!