Hei
Etne tilhører vel Hordaland?
Men det har nå mindre betydning.
Her er en link til en rapport fra Statnett.Dette er ikke bare hyggelig lesing.Se bare på side 12.Sørvestlandet og Stavanger regionen især
har en kritisk forsyning.
http://www.statnett.no/Documents/Ny... 2011/Rapport områdestudie Sørlandet 2011.pdf
I og med at driftsentralen til Stat kraft ligger her,er vi rimelig bra forsynt med mye kompetanse på Siv.ing. nivå ang. produksjon.
Har også en Statnett avdeling med bra kompetanse,så kunnskap og info. er lett tilgjengelig.
Kansje flytende grense mellem fylkerne
, for forsygningen fra etne ellag,- har oplevd vere,- så det ska ikke vere bare syltring.
Tak for link, ska prøve at få den nærlest ikveld.
Synes det er bra at de begynder at få fokus på problemerne, er godt kar over at det ikke er bare, bare,- at løse dette, og der helt sikkert, er folk, som gør deres bedste for at finde en løsning for fremtiden.
Mvh.
Hi-rex
Planen er startet.Nye monster master
http://www.statnett.no/Documents/Ny... 2011/Rapport områdestudie Sørlandet 2011.pdf
Planlegg ny kraftlinje
Statnett vil riva ei
gammal og bygga nok
ei ny kraftlinje mellom
Sauda og Liastølen.
Den nye, planlagte kraftlinja
skal erstatta den gamle 300 kilovoltslinja,
som i dag går parallelt
med kraftlinja som Statnett fekk
bygt og sett i drift våren 2012.
– Kraftlinja Sauda-Liastølen
var første del av vårt langsiktige
prosjekt for å oppgradera nettet.
Nå jobbar me for ei vidare oppgradering
av sentralnettet på Sør-Vestlandet,
seier Anders Grønstvedt,
avdelingsleiar for nettplanlegging
i Statnett.
Sju milliardar kroner
Statnett sin langsiktige plan er å
etablera neste generasjon sentralnett
innan 2030, og desse planane
blei skildra i Nettutviklingsplanen
deira frå 2011. I sin nyleg framlagte
rapport ”Neste generasjon sentralnett
på Sør-Vestlandet” tar Statnett
føre seg beslutningsunderlaget for
kva slags konsept dei skal gå vidare
med i konsesjonsprosessen. Planen
inneber ei kraftig oppgradering
av sentralnettet mellom Sauda og
Kristiansand, ei investering som
førebels er kostnadsrekna til sju
milliardar kroner.
– Det knyter seg betydeleg
usikkerhet til kostnaden, vedgår
Grønstvedt.
Treng kapasitet
Fordelane med ei spenningsoppgradering
av sentralnettet mellom
Sauda og Kristiansand er, ifølge
Grønstvedt, mange.
– Blant anna ein sikrare straumforbindelse
og ei betre tilrettelegging
for nye og eksisterande mellomlandsforbindelsar.
Poenget er
at me treng meir kapasitet i nettet,
fortel Grønstvedt.
Frå 300 til 420
Den nye kraftlinja som Statnett
fekk bygt mellom Sauda og Liastølen
i 2010/2011 er bygt som ei
420 kilovoltslinje, men blir i dag
drifta som ei 300 kilovoltslinje.
Første trinn i den ti år lange oppgraderingsprosessen
Statnett nå
planlegg, er å oppgradera denne
linja og resten av straumnettet ned
mot Kristiansand til å bli ein såkalla
420 kilovoltsforbindelse. Deretter
må transformatorstasjonane
i Sauda, Saurdal, Lyse, Tjørhom
og Kristiansand oppgraderast til
å takla kilovoltsauken på nettet.
Riving og bygging
I trinn to er planen å spenningsoppgradera
nettet mellom Sauda
og Lyse.
– Det betyr å bygga ei ny 420
kilovoltskraftlinje på dette strekket,
forklarer Grønstvedt.
Den gamle 300 kilovoltslinja
må dermed rivast.
Kva som skjer først, riving eller
nybygging, er førebels uvisst. Ifølge
Grønstvedt ligg det heller ikkje føre
konkrete planar om traséval for
den nye kraftlinja.
Etter det Ryfylke kjenner til skal
Statnett sin grunneigarkontakt,
Torgny Valborgland, alt ha vore i
kontakt med aktuelle grunneigarar
i Sauda.
– Målet er å finna løysingar
som er best muleg for lokalmiljø
og intressentar i området, seier
Grønstvedt om det vidare planleggingsarbeidet.
Stort arbeid
12. april 2010 begynte den kroatiske
hovudentreprenøren Dalekovod
arbeidet med å bygga den
29,4 kilometer lange kraftlinja
mellom Sauda og Liastølen. 94
master blei reist og arbeidet tok
rundt halvanna år.
Anders Grønstvedt vågar ikkje
å tippa kor lang tid arbeidet med
den nye kraftlinja vil ta.
– Men denne gongen utgjer
arbeidet også riving, presiserer han.
Forseinkingar og dødsfall
Arbeidet med den førre Sauda-
Liastølen-linja blei noko foreseinka
av at ei ferdigbygt mast kollapsa
våren 2011 og Statnett måtte då
setta i gang med ei ekstra undersøking
av grunnforholda på alle
dei 94 mastepunkta. Prosjektet
opplevde også eit dødsfall, då ein
kroatisk arbeidar fall ned frå ein
linjesykkel under arbeidet med
strekking november 2011.
Tidkrevande prosess
Den gong tok det ni år frå konsesjonssøknaden
blei sendt til
arbeidet fysisk kom i gang. Prosjektet
blei anka vidare til olje- og
enrgidepartementet og var fleire
gonger oppe til behandling i styret
til Statnett.
– Noko av grunnen til forseinkinga
den gong var at me la prosjektet
vekk nokre år. Me håpar og
trur det ikkje vil ta så lang tid denne
gongen, seier Anders Grønstvedt,
avdelingsleiar for nettplanlegging
i Statnett.
Målet til Statnett er å få gjort
den sju milliardar kroner store
oppgraderinga av sentralnettet
på Sør-Vestlandet i løpet av dei
komande ti åra.
Nytta lokale krefter
Då Statnett bygde kraftlinje i
saudafjella i 2010/2011 blei fleire
lokale firma leigt inn som underentreprenørar
og dei utanlandske
arbeidarane budde på lokale
overnattingsstader. Byggeprosjektet
koster Statnett 189 millionar
kroner.