Eigarglede er veldig interessant. Det er kanskje ei større drivkraft innan denne hobbyen enn det ein høyrer......
Eg trur det har med forventning å gjere. Veldig mange andre former for glede er nettopp slik. Forventningar til jul, til middagen, til ferien, ny bil....kva som helst. Så kjem den store stunda, og vi realiserar det som gjev glede. Som regel vert forventningane innfridde (om det ikkje er noko gale med det du gleda deg til, sjølvsagt). Dette gjer mellom anna skribentjobben innan hifi (eller anna utstyrstesting) så kjekk - du har alltid høve til å få innfridd nokre forventningar. (Men skribentjobben har også ei mørk side - sorgkjensla når du må levere attende eit produkt som har vore til dei grader moro å jobbe med).
For den vanlege entusiast kjem no nokre kjende faser; kveitebrødsdagane, og så kvardagen. Og det er no du og komponenten skal stå den harde prøva.... kor godt fungerer dette? Hadde du for høge forventningar? Hadde du slett ikkje råd til denne utskeiinga? Etter ei tid, ser du ting klart for deg. Du bestemmer deg, anten for ei permanent løysning, eller så får du att denne uroa...
Nokre av oss utviklar eigargleda til ein slags polygami. Kjøper fleire anlegg. Eller bilar. Om dette gjev endå større eigarglede er eg usikker på. Det kan vere at du får samlartendensar. Ein samlar har ei heilt anna form for eigarglede. Ettersom dei færraste har tre-fire lytterom, eller rett og slett har tid til å finhøyre like mykje på alle anlegga, er det nok mindre av denne bruksgleda, symbiosen mellom eigar og gjenstand som ein får ved dagleg bruk, altså bruksglede. Men det å kunne sjå på ei overflod av kvalitetspickupar har absolutt sin sjarm, det også...(jadå, eg spelar på berre ein pickup i gongen).
Når det gjeld stor eigarglede, er det ARC SP 10 eg må setje høgst på lista mi. Kjøpt inn då eg ikkje hadde råd til slikt, i 1986. Framleis i heimen. Periodevis svært lite/mykje brukt. No treng han reparasjon...