Eg har litt sympati med dei som sette seg ned for å laga store planar for korleis dei skulle bruka pengane fornuftig og endeleg kanskje koma seg økonomisk litt ovanpå. Det var jo ikkje verre enn døden, men garantert litt stusseleg. "Gratulerer, du har vunne 3,9 millionar" ... "Sorry, vår feil, berre 390 kr".
Hadde nok vore verre for ein tilfeldig type, lat oss kalla han Jim: Ute på byen med gode kompisar. Telefonen plingar, meldinga sprett opp på skjermen.
- Helvete, Jim! Du e' jo blitt millionær!
Jim triv telefonen, sjekkar meldinga. Det er sant! Det er frå Norsk Tipping, og det står 3,9 millionar.
Det var nok mykje Jim kunne tenkja seg å bruka pengane på. Ny bil, betala siste slant av lånet, nye høgtalarar? Uansett, pengar nok til alt det:
- Fri bar resten ta kvelden, folkens!