Dersom det er føresett at du skal ha dette utstyret, vil ein klassisk rørforforsterkar vere passande klangmessig dersom du ynskjer å roe ned ein litt framfusen topp. Til å få fram bassen, er sjølvsagt forforsterkarvalet vesentleg, men her er effektforsterkar viktigare. Det er naturleg å tenkje subb då, og ekstra terminalar eller eigen subutgang er då greitt, om enn ikkje eit must (det kan lagast ei leidning som deler signalet. Dessutan har mange subbar også stereo utgang i tillegg til inngang.
Men så til råd: du skulle få relativt gode vilkår om du går for ein klassikar. I mi bok vert det då gjerne å leite etter ein amerikansk forforsterkar.
Audio Research har doble utgangar på alle forforsterkarane sine etter gammalt, og dei har tre som skulle vere aktuelle:
SP3 er akkurat den rette, men han er gjerne både dyr og ganske vanskeleg å finne. Til gjengjeld kan han oppgraderast til så til dei grader god lyd, om du vel å gjere dette.
SP6 er også god, men her er det vanskeleg å finne fram til den du bør ha, B-utgåva. Denne er veldig god. Det skal også finnast ei E-utgåve som er endå betre, men den har eg ikkje høyrt. Modellane mellom er litt kvassare i klangen, og sjølv om dei elles er gode, er vel noko av vitsen borte? A-utgåva er også heilt grei, og bør gå for noko lågare pris enn dei andre.
SP 8 er toppers, spesielt i mellomtonen. SP 10 vert gjerne for dyr, og dei seinare modellane vil eg ikkje utan vidare tilrå i denne samanhengen, sjølv om dei absolutt har sine kvalitetar.
Så har vi Conrad Johnson. Finn du ein PV 2, har du skote gullfuglen. Kan suse litt, men bortsett frå det burde dette vere idealpartnaren til dei andre komponentane dine. Denne har også to utgangar, meinar eg å hugse. Det same gjeld PV 5 og Premier 3, som er gode i din samanheng, men kanskje litt vanskelege å finne? Dei andre CJ er gjennomgåande gode, men sjølv om dei moderne har dobbelt sett utgangar, vil iallfall min ET 2 ha så nøytral klangkarakter at dette matcheopplegget vil vere vanskeleg. Eg vil tru at ein ET 2 vil ligge på om lag 1/2 nypris, og vil då vere 14 - 15 kkr, som vert langt høgre enn dei andre aktuelle. Då kan du også vurdere Rogue Perseus, som også er ein svært nøytral sak.
Det er mange andre spennande rørsaker, og det kan hende du finn ein Vincent, Dynaco, McIntosh, Bat til ein rimeleg penge, som kan fungere godt.
Hugs at det alltid er eit visst sjansespel å handle brukt utstyr, og det kan vere trøbbel med ting som er 20-30 år gammalt (men eg har sjølv ein ARC SP 10 eg kjøpte for snart eit kvart århundre sidan, og eg brukar han (nesten) kvar dag. Dette er ting som er bygde for å vare lenger enn garantitida.
Lukke til.