Har du peiling på hvilke forsterkere som takler dette på en bra måte?
Om det vert nytta ein breibanda trafo og ingen beskyttelseskretsløp vil så godt som ingen forsterkarane overleva om det er mykje høgfrekvent støy i signalet, som for eksempel ved bruk av SACD. Men dei fleste forsterkarane har ei eller anna form for beskyttelse, ofte ein effektmotstand i parallel med ein spole. Spolen slepp gjennom frekvensar i det hørbare området, men blokker høfrekvent informasjon, slik at motstanden hamnar i serie med utgangen. Impedansen til ein spole kan uttrykkast
Z_L = j2πfL,
der L er induktansen, Så impedansen er proporsjonal med frekvensen. Mange elektrostatar har òg ulike former for beskyttelseskretsar og/eller equaliserar, som til dømes Audiostatic. Trafoen har òg begrensa bandbreidd, så i praksis er ikkje situasjonen så ille som det kans sjå ut for.
På grunn av at mange elektrostatar har låg følsamheit trengst det ein forsterkar med stor utgangsspenning. som i praksis er det same som ein forsterkar med stor utgangseffekt. Forsterkaren bør vera i stand til å levera nok straum i høgfrekvensområdet. Audiostatic ser ikkje ut til vera av dei verste, men nokre elektrostatar har liten impedans i høgfrekvensområdet, som kjem av at kapasitansen til panela skal ladast/utladast ein gong per periode (eit tilfeldig signal kan dekomponerast i ein serie med ulike frekvenskomponentar, ved hjelp av Fourier-analyse). I praksis er det ikkje så ille som det kan høyrast ut, for musikk inneheld lite energi i høgfrekvensområdet. Men om ein ved eit uhell kjem i skade for å driva elektrostatane med ein høgfrekvent støysignal, eller spelar SACD er det fult muleg å øydelegga ein forsterkar. Ein kapasitiv last vil òg redusera fasemarginen til forsterkaren, slik at han i prinsippet kan bli ustabil. Men i praksis er ikkje dette noko problem, i alle fall ikkje for forsterkarar som er i stand til å levera nok straum.
Eg er ikkje i stand til å fortelja deg kva som er den beste forsterkaren for å driva elektrostatar, men eg driv Martin Logan Spire med eit par Xindak PA-1 monoblokker. Om eg skulle kjøpt ny forsterkar i dag (det skal eg ikkje, for PA-1 er berre 10 år gamle) ville eg kanskje prøvd ein klasse D-forsterkar.