Hepp hepp!
I ei stund no har eg vore i tvil om eg skulle ha min eigen tråd under Mitt anlegg og billedtråder. Eg er framleis i tvil, men lar det faktum at det er fredag 13. i dag være tunga på vektskåla.
Tvilen skuldast fleire ting. Mellom anna har eg fint lite å kome med når det gjelde haifai, men det skal nok bli eit bilete eller to av det som for augeblikket, og truleg i lang framtid utgjer "anlegget". Ein annan grunn til at eg tviler på heile tråden før den er i gong, er at det allereie finnes så utruleg mange fine slike trådar, at fallhøgda her blir gigantisk. Eg har ingen ambisjonar om at dette skal bli like bra som dei beste anleggstrådane her, til det er eg for dårleg både med penn og kamera. Men så lenge eg kan syte og klage om kvardagslege ting i ny og ne, samt fortelle litt om kva som rører seg i ståvo, er eg happy.
Det som allikevel gjorde at eg valgte å starte ein tråd, var at nokre av dei trådane eg liker å følge, har utvikla seg til å bli mykje meir, og noko heilt anna, enn ein anleggstråd. Det er like spennande med reisebrev, mattips og skivetips, som med haifai. Rett og slett litt kvardagsleg tant og fjas. Faktisk meir spennande enn haifai, og det er ein slik tråd eg håpar dette kan verte også.
Så nokre enkle kjøreregler for tråden
1. Trådstartar har alltid rett, sjøl når han har feil
2. Trolling utgår
3. Musikk før haifai - diskusjonar og tips er både velkomment og oppmoda
4. Trådstartar har lov å nytte seg av begge målformar etter som det passar han (men helst ikkje begge i same innlegg), til tross for at han ikkje er vidare stødig i det finaste av dei to
Verre er det ikkje.
"Anlegget"
Okeli dokeli, så var det "anlegget" da. Pr dags dato består det av følgande:
1. Forsterker
2. Platespiller
3. RIAA (stress å ta bilde tå)
4. Høyttalere
-------------
5. DAC
6. PC
Det ser ut omtrent sånn:
Men no vart det voldsomt mykje haifai snakk, så dei neste postane vil dreie seg litt meir om musikk.
Velkommen til tråden, håper du vil kikke innom i ny og ne, og at tråden ikkje vert ei fullstendig katastrofe.