Frisell er ein jazzgitarist eg ikkje heilt har greidd å kopla meg på. Eg liker gitarjazz, altså, frå Django til Grant Green og Wes Montgomery til Pat Metheny, men ikkje mykje av det eg har høyrt av Frisell har eg greidd å få grep på. Så eg høyrer litt på han no og då.
Denne plata tykte eg var søt. 1960-tals popfolk-schlägers (som "Turn, turn, turn") i moderne jazzy-tapning. Utan at det vert karikatur.