Fantastisk! Gratulerer!
Jeg synes at dette diktet av Jakob Sande om foreldreskap er vakkert. Spesielt andre verset.
Min vesle ven, eg ser kor augo smiler,
eg høyrer kor du djupt av lukke lær,
der full av tiltru du imot meg stiler
så fort som dine kvikke føter ber.
Og når du trygg og glad i armen kviler,
eg ynskjer at eg støtt får bli deg nær,
og bere deg dei mange motgangsmiler
som eingong venter deg på vegen her.
Velsigna vere åra du er hjå meg,
før du kjem ut i vera og veks frå meg,
og eg sit einsam att og eldest av.
Men kanskje då når dagen kring meg
bleiknar,
når augo dimmest og når foten veiknar,
vert du mi leidarsttjerne og min stav.