Slik ser det ut i hifikroken no. Har ikkje jobba så mykje med plassering og innstillingar endå, men det let bra. Bra nok til å leve med ei stund framover.
Eg har litt lause planar om innkjøp, men ingen hast. Treng forskjellig til husholdning og slikt, så eg prioriterer det før hi-fi
Likevel, eg saknar ein cd-spelar, men vurderer å kjøpe ein streamer med lagring. Då kan eg framleis kjøpe cdar og rippe til harddisk. Har sett litt på Eversolo og det freistar litt. MacBook Pro som eg har, er ein mid 2010 modell, og har sine beste år bak seg.
Cd-platene skal få plass i gangen. Der skal eg sette dei i Billy-hyller frå IKEA, må berre bygge om hyllene litt. Skal trass alt kjøpe fleire plater!
Eg skal ha eit lite treff her med nokre frå Søre Sunnmøre Lydlaug om eit par veker. Treffe andre som er interesserte i hi-fi og musikk, og etterkvart høyre andre oppsett vert kjekt.
Litt lause tankar på kveldsvakt. Når eg kjem heim skal eg leite fram eit liveopptak som
@Sluket la ut i jazztråden. Gler meg til å høyre trioen med Ron Carter!!
Ha ein fin kveld, de som er innom!