Haustferien nærmar seg slutten. Har ikkje gjort stort anna enn å ladde batteri. Starta fint med to netter på romantisk hyttetur. Godt å fylle minnebanken med gode samtalar og kos
No er det kaffi og litt jazz igjen medan eg ventar på hentemelding Ferien sluttar som den starta, kvalitetstid i lag med kjærasten, berre i anna lokale. Vin er handla inn og maten er klar til førebuing!
Se det ja romantikk gir super atmosfære ., den tar du med deg gjennom helgen med god musikk, mat å drikke. Så ha en strålende fin helg sammen med din elskede.
Retur til livet! Ferdig med nattevaktshelg, alltid godt å vere ferdig med det. Har vore minimalt sosial denne helga, men har brukt litt tid med kjærasten mellom vaktene.
Bortgangen til Peter, eller Retep som han kalla seg på forumet, har prega meg. Peter tok føring, og var primus motor i oppstarten av Søre Sunnmøre Lydlaug ganske fort etter at han flytta til Volda. Det verka som han endeleg hadde runda eit hjørne og at livet var godt, så var det med eitt over. Kontrastane vert knapt større. Kjende han ikkje godt, men har kjent til han i mange tiår. Han var ein yngre aspirant på den lokale hifi-sjappa i Ørsta, der me sosialiserte, drakk kaffi, lytta til musikk og drøymde om svære anlegg. Kjøpte litt greier av og til slik at han som dreiv staden hadde til kaffi og litt til. Gode tider! Hjalp Peter med flyttelasset i fjor sommar, feira bursdagen hans i lag med ein liten gjeng og hadde nokre hudlause samtalar med han. Ærleg til beinet var han. Hadde nokre utfordringar, men var på opptur no. Så er det brått slutt. Brutalt er det! Kvil i fred, Peter!
Kontrastane til mitt liv er også store. Eg har det betre enn på mange år. Har funne kjærleiken, og det med ei eg har kjent sidan eg var tenåring! Har alltid likt henne godt og i sommar traff me kvarandre tilfeldig på ein butikk. Me prata i lag ei stund, og det vart fleire og lengre samtalar i løpet av sommaren. Tok ei stund å bygge opp nok mot til å spørre om ho ville gå ein tur. Det vart mange turar og me vart kjærestar. Livet er godt!
No kaffi og jazz! Kan ikkje hugse kven som tipsa meg om dette albumet, men takk!
Fine ord om Retep , og som du sier, kan livet preges av kontraster. Likevel fint å høre noen si de har det bra. Tror ikke vi hører det for ofte.
Lykke til med kjærligheta!
Det er godt når livet går noenlunde rettfrem på skinner , det å ha funnet roen å kjærligheten med en som er den rette er prikken over i en. Den triste beskjeden som kom i helgen om Peter sin brå bort gang har nok satt spor i en og hver av oss. Jeg sier ofte at livet er som å balansere på en knivs egg. Nytt livet å ta godt vare på deg selv og din kjæreste.
Mvh
Tore
Fine ord om Retep , og som du sier, kan livet preges av kontraster. Likevel fint å høre noen si de har det bra. Tror ikke vi hører det for ofte.
Lykke til med kjærligheta!
Det er godt når livet går noenlunde rettfrem på skinner , det å ha funnet roen å kjærligheten med en som er den rette er prikken over i en. Den triste beskjeden som kom i helgen om Peter sin brå bort gang har nok satt spor i en og hver av oss. Jeg sier ofte at livet er som å balansere på en knivs egg. Nytt livet å ta godt vare på deg selv og din kjæreste.
Mvh
Tore
Rundar av dagen med Guinness og litt musikk frå YouTube. Startar med nokre låtar frå Joe Bonamassa Live At The Greek Theatre, så må eg innom Danny Carey | "Pneuma" by Tool
God fredag, godtfolk I gong med pasta, vin og jazz her.
To veker frå no er det tur til Oslo og konsert med eit band som slett ikkje spelar jazz: Valentourettes på Rockefeller! Slett ikkje kvardagskost for denne karen, men kjekt skal det verte
Så er det den tida på året. Medan eg lagar ein klassisk laurdagspizza på ein søndag startar eg julesesongen med dette albumet:
No har eg to veker ferie Komande fredag går turen til Oslo, og laurdag skal me på Rockefeller, drikke øl og høyre Valentourettes! Trur det skal verte bra kjekt