Nokon som har gode råd for jording av RIAA-trinn kombinert med Rega RB300? Skulle lage eit betre opplegg for jording i eit DIY-trinn med J-FET, men det blei verre. (Har eit effekttrinn som dreg mykje straum når det køyrer kl.A.) Hadde eit akseptabelt brum-nivå med det første opplegget der jord i dei to kanalane ikkje var kobla sammen. Ein kabel var kobla mellom signaljord på den eine kanalen på printet og ein jordingsskrue på bakveggen på motsett side av inp. "Forbetringa" eg gjorde i går, var å koble sammen jordterminalane på inp. med ein kabel og koble denne til kabinettet i ein jordingsskrue nær inp. Signaljord på inp. i dei to kanalane på printet blei så kobla sammen og ført i isolert kabel til kabinett/jordingsskruen. Dette blei altså ikkje bra, med klart meir brum, særleg i den eine kanalen. Medan eg var i gang, borra eg felt i botn og topp med 3mm borr for å få betre ventilasjon. Men dette kan vel ikkje ha gjort noko frå eller til.
Kan sjølvsagt gå tilbake til første opplegget, men ser at her kanskje er eit potensiale til å få det enda betre. Det er snakk om eit relativt kompakt kabinett i aluminium. Dual mono nettdel er i eige kabinett. Det er ikkje trekt jordkabel mellom nett-kabinett og forsterkar-kabinett. På bakveggen i forsterkaren er det akkurat plass til inp. på eine sida, så outp. og så straumforsyningskontakt på andre sida. Og så er det altså jordingsskrue.
Bør f.eks. jord-koblinga til kabinettet skje lengre borte frå inp. enn på ein relativt liten bakvegg?
Er der andre gode idear for eit opplegg i kombinasjon med RB300?
mvh