Tusen takk for god hjelp alle saman
Mine løysingar på problemet vart (så langt):
-Eg testa ut aluminiumsfolie på tallerkenen. Funka ikkje i det heile.
-Eg har ikkje teke meg tid til å juksa med jordinga ennå, og sidan kaajola kunne fortelle at det ikkje hjalp på hans Rega, er det lagt på is.
-Eg endra plassering på komponentane:
-Platespelaren høgt, og like langt frå begge høgttalarane.
-Forsterkaren lengst mogleg ifrå platespelaren
-Eg kjøpte eit Music Hall pa1.2 RIAA-trinn ;D som eg plasserte lengst mogleg ifrå forsterkaren
-Eg koplar resten av anlegget+TV fysisk frå lysnettet når eg skal høyra på LP.
Det som står att av støy nå, er motorstøyen. Den merker eg logisk nok best når pu'en nærmar seg midten av plata. Skilnaden er at nå er støyen så låg at eg kan leva med det ei stund til. Den mest aktuelle oppgraderinga (etter innkjøp av ny pu er) er straumforsyning/motor-oppgradering. Men for alt eg veit er det ikkje naudsynt etter pu'en
Eg trur det er RIAA'en som ha stått for den største forandringa. Den gjorde det slik at lyden av LP'ane er like høge på volumknotten som CD'ane. Dette skapte ein mykje rolegare atmosfære. Dessutan har det vorte mykje lettare å peika ut kor dei ulike instrumentene er plasserte i lydbildet. Mindre graut, rett og slett
MEN: Eg kopla RIAA'en til forsterkaren med den beste signalkabelen eg hadde for hånda. Ein Qed Quinex 4s. (Forsylva koppar.) Lyden vart i kvassaste laget, og eg meiner å ha lese ein stad at sylv har den eigenskapen. Er det einkvan der ute som veit om god kabling til min Music Hall?
Det "knepper" i høgttalarane når eg skrur av og på. Rega
skal berre ikkje fungera skikkeleg, kan hende.(?) Skal prøva Q-tips og elektrorens, er eg ferdig med å vri hjernen på dette...
Neste trinn vert Ortofon Rondo Red MC-pu'en.
Nok ein gong, Takk alle saman, og spesiellt til ssm/Espen
Mvh
Lars J