Platespelaren sin estetikk er sjølvsagt på linje med andre gjenstandar i rommet. Viktig i samanhengen, men også ein ting i seg sjølv som ein kan like eller mislike. For meg er det lydlege det avgjerande, og det er ein del designkriterium på drivverk, motor, kabinett og lokk som har innverknad. Men pickup/riaa, samspel mellom arm/pickup og armen sine kvalitetar er nok viktigare.
Når det er sagt, er Bergmann ein flott spelar. Har ikkje prøvd slike heime, men fekk audiens hos Roy, og var imponert (er det ikkje Magne han har i heimen?) Eg tykte det var den penaste spelaren eg har sett. I tillegg er tangentiarmen god (trur det finnest betre, men igjen - matchar pickup er det vanskeleg å tru at det er mykje å hente). Bergmann passar flott inn i moderne bustadar, men ville neppe vere ein høydare dersom du har furumiljø og panel på veggane.
Eg har platespelaren ståande bortgøymd i ei krå. Får aldri kommentarar, fordi merksemda til hifi-interesserte besøkjande i hovudsak rettar seg mot høgtalarane. Lydmessig sett trur eg ikkje det er mykje å hente på å skifte anna enn på riaa og pickupsida, så då får estetikken finne seg i å få låg prioritet. 12" kvalitetsarm, platekrans/-strammar, spesialdempa tallerken på 12 kg, Rimdrive og spesialstraumforsyning SDS strekkjer vinyllyden så langt at eg ganske sikkert må opp i sekssifra beløp for å merke positiv endring. Likevel, ein Magne kunne eg tenkje meg...(sjølv om eg måtte skifte ut møblane for matching)