FZ skrev:
Audiophile-Arve skrev:
Når det er sagt, vil eg påstå at det er råd å få betre spelarar enn fullpakke-LP12 til same pris.
1. Mulig det, Arve, men har du hørt en LP12 med alt stæsjet inkl. Radikal og ikke minst satt opp optimalt?
2. (Jeg fikk ikke ut det maksimale av mine spillere før jeg hadde Peter Swain over fra UK til å sette dem opp og jeg er, i all beskjedenhet
, temmelig god til det selv også.) Dette er også, etter min mening, akilleshælen til LP12. Alt for få vet hvordan disse skal settes opp optimalt og eierne får ikke full valuta for pengene sine.
3. Nå ser dette ut til å kunne forenkles mye med 3.parts topplata Khan i maskinert aluminium. Her slipper man problemet med skjeve fjærbolter som mange LP12'ere har.
4. Hvilke spillere er det du mener er bedre til samme pris? Kunne vært interessant å høre dem hvis anledningen byr seg.
1. Jepp, og over eit utmerka anlegg.
2. Eg er heilt einig, og spelaren min var berre halvgod heilt til Simen tok ei skikkeleg sjekk av han. Eg hadde likevel langt frå toppmodellen, men det som var standard attende i 1997, og med Akito-arm. Gjorde likevel ein god del erfaringar som er kjekke å ha med seg. Toppmodellen har eg fått samanlikna med både ein "vintage" og andre spelarar i rå klasse.
3. Spennande. Tykkjer ein såpass rå spelar fortener å vere optimal heile tida...eg har absolutt sansen for LP12, sjølv om eg har "desertert" for tida. Men ingen veit kva morgondagen vil bringe...
4. No er det mange sider, og "best" på dette nivået er også eit spørsmål om prioriteringar. Sjølv gjekk eg over til ein VPI SSM med rimdrive og tung tallerken, og tykkjer eg har vesentleg betre dynamikk og "punch". Men eg kunne tenkt meg ein mindre dillete arm (likte definitivt ikkje Linn-armane så mykje betre. Lettare å sette opp, javel, men mykje dyrare, og ikkje betre lyd på dei pickupane eg har hatt tilgong på) Dei større arm-modellane til VPI ville nok vere betre, men så vert det dyrare, då....
Dei større VPI-spelarane er også veldig gode. Har ikkje høyrt Classic, men dei skal visstnok vere svært mykje for pengane.
Den flotte Clearaudio Champion II med tangentialarm er nok meir nøytral enn både VPI og LP12 toppmodell. Og billegare Stram og presis, men kanskje litt for disiplinert/"analytisk" etter min smak.
Nottinghamspelarane er dei med "svartaste bakgrunn", men eg likar ikkje standardarmane. Vanskeleg å få tak i er dei vel også etter kvart. Det same gjeld Simply Black-spelarane.
Goldmund lagast ikkje meir. Dei var vanskelege å sette opp, men du verda, kor godt det høyrdest ut når ting var på stell. Har ikkje høyrt reference, berre studio og studietto.
Så er det ein del spelarar som har potensiale. Dei gamle vintagespelarane frå 60-talet skal vere fullkomne, men eg har ikkje høyrt anna enn nokre gamle beist, som ikkje imponerte meg noko vidare. Gamle Technics SL 1000 kan på somme måtar måle seg med LP 12, men let veldig "direkte", og er nok ikkje på same nivå, men kostar trass alt lite i samanlikning om du finn han brukt. Kenwood K07D er ein av dei flottaste eg har høyrt av japanske dd, og denne trur eg vil kunne måle seg med det meste. Nakamichi sine to største har eg aldri høyrt, men rykta seier at dei er fantastiske. Så har vi alle desse frå Rockport, Walker og så vidare, som er vesentleg dyrare enn gode, gamle Linn... Elles har eg veldig lyst til å høyre på ein blodtrimma Montegiro toppmodell, men det vert nok også i ei ganske svimlande prisklasse....
Og det motsette: har du prøvd ein loppemarknadskjøpt Dualspelar nokon gong? Nei, ikkje så bra som ein topp-LP12, men for eit sjokk når ein tenkjer på prisen...