Med eller utan solkrem; vår og sumar trugar, med ulempene det fører med seg for hobbyen vår. Men me klarar uansett aldri å lata vera å prøva ut stadig nye høgtalarar. Og ta ein øl eller to.
Små eller store?
(tekst og bilete dette avsnittet: Stig Arne Skilbrei og Stig Inge Bjørge (Lyra))
Høgtalarar kjem i alle storleikar og fasongar, og spelar vidt forskjellig. Mange hevdar at høgtalarane er viktigaste komponenten i stereoanlegget av den grunn. Det er ikkje nødvendigvis rett. Har du ein illelåtande forsterkar - og dei er det plenty av! - spelar det ingen rolle kor gode høgtalarane er. "Shit in, shit out"! Men det er det ikkje alle som høyrer. Den store skilnaden mellom ulike høgtalarar derimot, er meir iøyrefallande.
Som kontainerdykkar kjem eg stendig over nye høgtalarar, og gjer nye erfaringar. Det hjelper òg at nesten-nabo Terje driv bruktbutikk. Han tilkaller meg når han har fått tak i noko, og saman prøver me det ut. Stig Inge kjøper òg stadig nye høgtalarar. Anten av generell interesse, eller avdi han og teknikarane hans meiner dei kan gjera nytten som “monitor” for utviklinga av pick-upar eller anna utstyr.
Sjølv har eg funne mun i eit par gamle Dali 7, som har synt seg å vera forbausande nøytral og dugande all round, når du berre har retta opp i eit par feil og manglar. Du ser bilete av han i tidlegare dagbøker. No har eg vent meg til dei, og fryktar at det kan verta vanskeleg å gå attende til mindre høgtalarar att. Men det er likevel noko djupt fasinerande med små “high end”-høgtalarar. Det er veldig lite dei klarar av både bass og lydstyrke, og det er fordømt irriterande, og gjer at dei er vanskelege å leva med i lengda. Realistiske lydnivå og konsertopplevinga kan du berre drita i. Men mellomtonen kan få ein nesten magisk kvalitet, som større høgtalarar strever med å kopiera. Grunnen er enkel: Mindre kabinett, mindre resonansar, og mindre kompleksitet (dei er nesten alltid to-vegs, medan større som regel er tre-vegs).
Rogers LS3/5A
Såleis har både eg, Stig Inge og Lars Tørressen i Bergen opptil fleire par med Rogers LS3/5A, som var den minste studio-monitoren utvikla av BBC og lisensiert til Rogers og andre....
Les heile dagbokartikkelen til Stig Arne i Audiophile.no