Lukka 3D-printa 5'' høgtalar

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Georgb

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    22.10.2018
    Innlegg
    205
    Antall liker
    672
    Sted
    Sandnes
    Torget vurderinger
    1
    Eg hadde eit par drivarar liggjande, og ein bølgeleiar eg designa til diskanten som eg ikkje har hatt moglegheit til å bruka i noko prosjekt enno. Eg laga ein enkel modell ait eit kabinett til 3D-printing og kjørte nokre simuleringer, resultata var lovande, så eg bestemte meg for å gjennomføra prosjektet. Basselementet er ein SB acoustics SB15NAC30-08 og diskanten er ein SB26ADC. Dette er ein liten høgtalar, typisk tenkt til plassering på eit skrivebord eller som kompakte TV-høgtalarar. Eg har difor valt å gjera dei lukka slik at dei kan vera kompakte.

    Dei fyrste tankane var rundt dette å 3D-printa eit kabinett. Det var praktisk i dette prosjektet der kabinettet er ganske lite og tillet meg og å laga formar som ikkje er praktiske i eit MDF- eller kryssfinerkabinett. Kabinettet ser slik ut:
    1725122015201.png 1725122025447.png 1725122073432.png
    Veggane er berre 8mm tjukke, og eg ville printe dei med låg infill, så avstivinga inne i kabinettet vart veldig gjennomført, særleg med tanke på kor lite kabinettet er. Her er ei visning av korleis kabinettet ser ut inni for basseksjonen:
    1725121984020.png
    Eg kjem nok til å leggja til noko avstiving til på bakveggen, sjølv om det ikkje er teikn til resonansar, sidan det berre vert eit par gram ekstra plast per utskrift. Hólromma fyllast med dempemateriale før høgtalaren vert sett saman slik at det ikkje oppstår hólromsresonans.
    Her er eit eksemplar av høgtalaren sett saman:
    1725123436162.jpeg
    Etter å ha fylt høgtalaren med dempemateriale tok eg ei impedansmåling av basselementet:
    1725124610618.png
    Det er ein liten resonans synleg kring 530Hz. Dette er den første ståande bølga til kabinettet (frå topp til botn). Utan dempemateriale er denne resonansen mykje større. Eg ventar på levering av noko basotect som eg skal prøva i staden for skummet som er der no. Eg håpar det gjer at resonansen forsvinn heilt. Utanom det har eg sjølvsagt teke målinger av diskant og basselementet og simulert delefilter, både aktivt og passivt. Her er det passive eksempelet:
    1725125494097.png
    Me kan sjå den lille resonansen kring 600Hz og ein liten hump i bassen. Humpen i bassen kjem av impedansen som er kopla i serie med drivaren. Ikkje mykje å gjera med det. Frekvensresponsen er +-1.5dB, og ein kan bruka eit andreordens low-shelf filter i bassen med Q1.41, 75Hz, 3dB for å flata ut denne humpen og få noko djupare bass. Utanom dette er frekvensrespons på diskanten litt feil på grunn av refleksjonar frå mikrofonstativet. Her er korleis frekvensresponsen ser ut med "korrekt" diskantmåling (berre on-axis).
    1725126771155.png
    Og til slutt ei aktiv utgåve:
    1725127650937.png
    1725127720975.png
     

    Georgb

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    22.10.2018
    Innlegg
    205
    Antall liker
    672
    Sted
    Sandnes
    Torget vurderinger
    1
    Me kan sjå den lille resonansen kring 600Hz og ein liten hump i bassen. Humpen i bassen kjem av impedansen som er kopla i serie med drivaren. Ikkje mykje å gjera med det.
    Eg lyg så det renn av meg. Mens eg funderte meir på dette delefilteret kom eg plutseleg på ein smart teknikk eg las om ein gong for nokre år sidan, nemleg å kopla ein høg kapasitans i serie med drivaren. Dette reduserer humpen, men aukar bassen rundt resonansfrekvensen, før det vert ei brattare avrulling etter det (18dB/oktav totalt). I dette tilfellet er ein kapasitans på 470µF cirka passeleg. Her må ein bruka elektrolyttkondensator, men det er ikkje noko problem i bassen der drivaren uansett vrenger mykje meir enn kondensatoren. Ein Jantzen EleCap er eit naturleg val her (låg toleranse, bipolar og fornuftig pris). Etter å ha gjort dette og modifisert delefilteret litt meir, ser responsen slik ut:
    1725211606269.png
    Bassen ser betre ut no, humpen er vekke og bassen går lågare før avrullinga byrjar for alvor. Det gjer at høgtalaren ikkje vert heilt blodfattig utan sub. Delefilter ved 1kHz går faktisk heilt fint her. Diskanten har ca. 0,5% forvrenging så lågt ved ~95dB. Hugs òg at diskanten er -6dB ved delefrekvensen, så i praksis går dette heilt fint. Det er basselementet som set grensa for kor høgt me kan spela, sjølv her. Det einaste problemet som gjenstår no er resonansen kring 600Hz, som eg håpar å få ordna med nytt dempemateriale. Viss dette går perfekt og resonansen forsvinn fullstendig, vert resultatet sjåande slik ut:
    1725212244039.png
    Dette er vel så flatt som ein kan få det med ein passiv høgtalar. +-0,65dB mellom 130Hz og 14kHz. +-1,2dB mellom 100Hz og 20kHz.
     

    AAaF

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    12.01.2007
    Innlegg
    1.043
    Antall liker
    153
    Kunne du vore interessert i å gjøre eit forsøk med sand i botnen for å kverke resonans?

    Sidan du er flink å måle før/etter, så hadde i alle fall eg sitte med argusauger og sjekka resultata. Eg har brukt det, men ikkje testa det vitenskapeleg, så eg kan ikkje sei riktig kor mykje positivt bidrag det gjorde. Og det irriterer meg i grunn, for eg mistenker det er relativt potent løysing nedover i frekvens. Åpenbart ikkje ei løysing for kommersielle formål, men no er jo ikkje vi i eit kommersielt hjørne av forumet.

    Tenker då å ha litt grovkorna sandblåsersand(Biltema) inni ein sokk eller liknande som dekker mest mulig av bunnen på kabinettet, eg tenkte i området 3-5cm tykkelse. Tanken er at det blir både absorsjon av energi inni kabinettet, men også litt absorsjon/demping av kabinettet i seg sjølv - ein form for hybriddemping.
     

    Georgb

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    22.10.2018
    Innlegg
    205
    Antall liker
    672
    Sted
    Sandnes
    Torget vurderinger
    1
    Kunne du vore interessert i å gjøre eit forsøk med sand i botnen for å kverke resonans?

    Sidan du er flink å måle før/etter, så hadde i alle fall eg sitte med argusauger og sjekka resultata. Eg har brukt det, men ikkje testa det vitenskapeleg, så eg kan ikkje sei riktig kor mykje positivt bidrag det gjorde. Og det irriterer meg i grunn, for eg mistenker det er relativt potent løysing nedover i frekvens. Åpenbart ikkje ei løysing for kommersielle formål, men no er jo ikkje vi i eit kommersielt hjørne av forumet.

    Tenker då å ha litt grovkorna sandblåsersand(Biltema) inni ein sokk eller liknande som dekker mest mulig av bunnen på kabinettet, eg tenkte i området 3-5cm tykkelse. Tanken er at det blir både absorsjon av energi inni kabinettet, men også litt absorsjon/demping av kabinettet i seg sjølv - ein form for hybriddemping.
    Slik høgtalarkabinettet er no er det ikkje plass til særleg mykje sand i botn. Eg kan sjølvsagt justera teikninga for å testa, men det veit eg ikkje om eg gidd.

    Haldninga mi til resonans er ganske pragmatisk. Anten er det ein resonans som er eit problem, eller så er det ikkje eit problem. Alle høgtalarkabinett har resonansar, men spørsmålet er om dei er av slik art at det betyr noko. Det er ingenting som tydar på at denne høgtalaren har resonansproblemer (utanom 600Hz, som eg igjen er 99% sikker på er ei ståande bølgje, og ikkje kasseresonans). Det gjev meining når ein ser på mengda avstiving i kassa, som eigenleg er heilt absurd med tanke på kor kompakt høgtalaren er.

    Det finst sikkert kabinett der dette kan vera effektivt (eller kanskje ikkje), men på same måte som at det å leggja til endå ei bjelke med avstiving i denne høgtalaren ikkje gjer noko særleg, så er det lite å henta på anti-resonante tiltak med ein høgtalar som har lite resonans frå byrjinga.
     

    AAaF

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    12.01.2007
    Innlegg
    1.043
    Antall liker
    153
    Samtykkar, dette er nok ikkje det beste testemnet for sandhypotesa, all den tid det er snakk om kun eit smalt frekvensbånd. Dette er i tillegg såpass høg at meir konvensjonelle dempematerialer burde gjøre susen.
     

    H.R

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    14.12.2008
    Innlegg
    8.155
    Antall liker
    6.804
    Sted
    Jessheim | Ullensaker
    Torget vurderinger
    5
    Å printe høyttalere fungerer flott. 2mm vegger. Selv valgte jeg sandfylling da det er billigere en filament.
    IMG_0907.jpeg

    IMG_0878.jpeg

    IMG_0889.jpeg


    Jeg gjorde en liten endring på nummer en og to ved å splitte port og lime den i etterkant. Mindre arbeide å lime to flater en å fjerne uryddigheter i porten.
     

    Georgb

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    22.10.2018
    Innlegg
    205
    Antall liker
    672
    Sted
    Sandnes
    Torget vurderinger
    1
    Veldig kult! Eg har sjølv vurdert sandfylling i veggar, men sluttresultatet vert at veggane totalt er like tjukke som i ein "vanleg" høgtalar. Eg lener difor mot tynne veggar, men mykje meir kompleks avstiving og geometriske formar som er stivare, men vanskelege å få til i treverk (sjå Genelec til dømes). Å lage ein meir "ordinær" sandfylt kassehøgtalar funkar derimot heilt fint det òg vil eg tru.
     

    roadrune

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    06.12.2014
    Innlegg
    2.364
    Antall liker
    1.172
    Sted
    Stord
    Torget vurderinger
    1
    Tøft!

    Har du lyst til å dele .stl og skisse over delefilter?

    Er det eventuelt noen som har ett 3D printet design som kan fungere som blåtannhøyttaler med ok lyd?

    Kunne godt tenke meg å printe noe slikt, men trenger vel egentlig ikke flere passive ht...
     

    BeetleBug

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    30.06.2009
    Innlegg
    6.895
    Antall liker
    14.173
    Sted
    Sørlandet
    Kult å se hva dere får til.

    Spørsmål: lar overflaten seg lakkere? Selvsagt tenker jeg etter pussing og nøye rengjøring.
     

    H.R

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    14.12.2008
    Innlegg
    8.155
    Antall liker
    6.804
    Sted
    Jessheim | Ullensaker
    Torget vurderinger
    5
    Kult å se hva dere får til.

    Spørsmål: lar overflaten seg lakkere? Selvsagt tenker jeg etter pussing og nøye rengjøring.
    overflater bør få en runde med plastprimer etter litt småpussing. Veldig mange ugjevneter forsvinner allerede da. Etter det er det rett frem grunning, sparkling om det trenges og lakkering.

    Alternativt om man bruker rett filament kan man benytte aceton og gjevne ut.
     

    H.R

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    14.12.2008
    Innlegg
    8.155
    Antall liker
    6.804
    Sted
    Jessheim | Ullensaker
    Torget vurderinger
    5
    Fin port i denne. Lur løsning som burde fungere bra.
    Trodde også det, men dette fungerte ikke i det hele tatt. Elementet for svakt er første tanke og kabinettet oppførte seg som om det var lukket.
    i tillegg så tror jeg at jeg var vel optimistisk vedrørende portvegger.

    selve kammeret detimot hadde nok support og var stivt nok. Hemligheten er å unngå store flater som kan ressonere
     

    AAaF

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    12.01.2007
    Innlegg
    1.043
    Antall liker
    153
    Trodde også det, men dette fungerte ikke i det hele tatt. Elementet for svakt er første tanke og kabinettet oppførte seg som om det var lukket.
    i tillegg så tror jeg at jeg var vel optimistisk vedrørende portvegger.

    selve kammeret detimot hadde nok support og var stivt nok. Hemligheten er å unngå store flater som kan ressonere
    Det kan tenkes at den indre radiusen var medvirkende, ramla over dette ifbm eit prosjekt eg hadde. Det kan lønne seg å gå litt ned på dimensjon/areal for å heller ha ein mjuk bøyeradius, https://www.mdpi.com/2227-9717/9/9/1555:
    1725534913771.png
     

    Dalemark

    Overivrig entusiast
    Ble medlem
    05.02.2018
    Innlegg
    513
    Antall liker
    284
    Sted
    Søgne
    Torget vurderinger
    3

    Georgb

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    22.10.2018
    Innlegg
    205
    Antall liker
    672
    Sted
    Sandnes
    Torget vurderinger
    1
    Tøft!

    Har du lyst til å dele .stl og skisse over delefilter?

    Er det eventuelt noen som har ett 3D printet design som kan fungere som blåtannhøyttaler med ok lyd?

    Kunne godt tenke meg å printe noe slikt, men trenger vel egentlig ikke flere passive ht...
    Deler gjerne når høgtalaren er ferdig og testa skikkeleg :)
    Eg håpar det vert snart. Eigenleg skulle dempematerialet eg hadde bestilt koma på tysdag, men PostNord er PostNord...
     

    xerxes

    Æresmedlem
    Ble medlem
    08.01.2005
    Innlegg
    11.904
    Antall liker
    7.599
    Sted
    Holmestrand

    H.R

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    14.12.2008
    Innlegg
    8.155
    Antall liker
    6.804
    Sted
    Jessheim | Ullensaker
    Torget vurderinger
    5
    min kan printe 430x430x500mm (anycubic Kobra 2 max) - selvsagt alt for lite men fungerer likevel. Heldigvis er utvalget stort, men neste gang blir det nok å bygge en storformat selv.
     

    xerxes

    Æresmedlem
    Ble medlem
    08.01.2005
    Innlegg
    11.904
    Antall liker
    7.599
    Sted
    Holmestrand
    min kan printe 430x430x500mm (anycubic Kobra 2 max) - selvsagt alt for lite men fungerer likevel. Heldigvis er utvalget stort, men neste gang blir det nok å bygge en storformat selv.
    Var redd for det.
    Jeg er ganske ny innenfor 3D-print, og vurderer Bambu Lab A1, evt A1 mini.
    De er jo begge langt fra den størrelsen du opererer.
     

    H.R

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    14.12.2008
    Innlegg
    8.155
    Antall liker
    6.804
    Sted
    Jessheim | Ullensaker
    Torget vurderinger
    5
    trøsten er - den koster nada og kan være et flott tillegg - alle har jo minst to printere uansett.
     

    H.R

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    14.12.2008
    Innlegg
    8.155
    Antall liker
    6.804
    Sted
    Jessheim | Ullensaker
    Torget vurderinger
    5
    En liten printer kan lage små ting. En stor kan lage ting man trenger. Det er tross alt ikke så mange små bokser man skal lage. Joda. De flotte printere kan lage ting i materialer man selvsagt har lyst til, men de fleste av disse materialene bruker vi ikke. Carbonfiner er lett og stivt men har jo lite hensikt i det virkelige liv utenfor racing og annen vektbesparende bransje.

    ta å mål og se hva du taktisk trenger pg bruk tid på å forstå materialene. Det er forbausende hvor godt de printer selv de rimelige.

    samme med hadtighet. Så lenge filamentet er ment for sakte kjøring er det lite poeng i en superrask printer. Det tar lang tid uansett
     

    ePi

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    10.04.2003
    Innlegg
    1.636
    Antall liker
    1.345
    Jeg kjøpte faktisk nettopp 3d-printede horn til bilen. Overraskende god kvalitet, og en artig greie i seg selv.
     

    Georgb

    Hi-Fi entusiast
    Ble medlem
    22.10.2018
    Innlegg
    205
    Antall liker
    672
    Sted
    Sandnes
    Torget vurderinger
    1
    Eg brukar ein Bambu lab X1 Carbon, mest fordi eg gjekk lei av å tukla med 3D-printaren min etter annankvar print (eg har òg i mange år hatt ansvar for 3D-printarane me har på jobb, og det er irriterande nok om ikkje eg skal driva med det same på fritida). Om eg treng noko som er større enn det X1 kan printa ut, så er det berre å taka det i fleire delar. Det krevst litt arbeid for å få god finish på 3D-printa deler uansett, så litt ekstra jobb med å lime saman eit pair deler er ikkje verdas undergang.

    Veldig fin 3D-printer forresten, har ikkje hatt eit einaste problem på snart 1 og eit halvt år. Den berre "funkar" og er lynkjapp i tillegg.
     

    xerxes

    Æresmedlem
    Ble medlem
    08.01.2005
    Innlegg
    11.904
    Antall liker
    7.599
    Sted
    Holmestrand
    Eg brukar ein Bambu lab X1 Carbon, mest fordi eg gjekk lei av å tukla med 3D-printaren min etter annankvar print (eg har òg i mange år hatt ansvar for 3D-printarane me har på jobb, og det er irriterande nok om ikkje eg skal driva med det same på fritida). Om eg treng noko som er større enn det X1 kan printa ut, så er det berre å taka det i fleire delar. Det krevst litt arbeid for å få god finish på 3D-printa deler uansett, så litt ekstra jobb med å lime saman eit pair deler er ikkje verdas undergang.

    Veldig fin 3D-printer forresten, har ikkje hatt eit einaste problem på snart 1 og eit halvt år. Den berre "funkar" og er lynkjapp i tillegg.
    Etter å ha lest en hel del om temaet, så har jeg landet på samme konklusjon som deg.
    Kjøper en Bambu Lab for å få printet det jeg trenger.
    Så har jeg en gammel Tevo Tarantula jeg kan kose meg med hvis jeg har lyst til holde på med 3d-printer.
    ;)
     

    W.Sand

    Hi-Fi freak
    Ble medlem
    02.05.2012
    Innlegg
    3.225
    Antall liker
    4.862
    Sted
    moelv
    Torget vurderinger
    2
    En måte å rasjonere printet på er å kun lage skall eller " forskaling" og så fylle tomrommet med fibergips Når du blander inn trelim i vannet til gipsblandingen, blir klangen fra den størknede gipsen borte.
     
  • Laster inn…

Diskusjonstråd Se tråd i gallerivisning

  • Laster inn…
Topp Bunn