Politikk, religion og samfunn Militærhistorie og -teori

Tweedjakke

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.01.2008
Innlegg
3.481
Antall liker
3.602
Sted
Sunnmøre
Ok. Vi treng ein slik tråd, som både kan dekkja militærhistoriske spørsmål og politisk historie i skjeringa mellom krig og fred.

Det dukkar alltid opp i andre trådar (td Ukraina-tråden), men akkurat der diskusjonane vert interessante, vert dei òg gjere off-topic. Eg tek på meg ein del av skulda.

Som alltid: vi er alle lekmenn - eg arbeider rett nok med historie til dagleg, men militærpolitikk og “grand strategy” er minst to hakk unna det eg får betalt for å driva med. Det er likevel ei slags hobby eg har hatt i mange år, iallfall dei siste 25.

Eg har ikkje noko ønske om å eiga tråden, så alle innlegg er velkomne; eg er temmeleg lite interessert i tanks, men det er det sikkert andre som er. Mitt første innlegg vert om svensk-norsk nøytralitet på 1800-talet (eit slags utvida svar til @Asbjørn), men det må de venta pittelitt på.
 

krrm

Hi-Fi interessert
Ble medlem
30.12.2013
Innlegg
90
Antall liker
122
Og mens vi venter kan jeg foreslå en pause podcast serie:
 

cox

Overivrig entusiast
Ble medlem
24.08.2003
Innlegg
1.094
Antall liker
285
Sted
Oslo
Torget vurderinger
1
Man kan jo starte å lese von Clausewitz sitt banebrytende klassiske verk Vom Kriege eller On War.
Mye her er rent teknisk og en smule gammeldags, men for nåtiden er tankene rundt strategi og politkk fortsatt gyldig.
 

Tweedjakke

Hi-Fi freak
Ble medlem
29.01.2008
Innlegg
3.481
Antall liker
3.602
Sted
Sunnmøre
Svensk nøytralitetspolitikk oppsto i etterdønningene av Karl XII’s nederlag, Napoleonskrigene og tapet av Finland i 1809. Karl XIV Bernadotte innså at Skandinavia utgjør en naturlig festning og kunne holde seg utenfor stormaktskonflikter på kontinentet. Det forutsatte riktignok en union Sverige-Norge, hvilket ble et faktum i 1814.

Deretter gikk den svenske nøytralitetspolitikken egentlig ut på dato i 1905, siden selve kongstanken falt med unionsoppløsningen, men den ble aldri satt på en riktig prøve, selv ikke under andre verdenskrig.
Eg svarte på dette i Ukraina-tråden, men var eigentleg ikkje heilt fornøgd med det eg skreiv.


Eg tenkjer det er eit spørsmål om kva vi skal forstå med "nøytralitet": I våre dagar betyr det å stå utanfor forpliktande forsvarsalliansar (som NATO), og mot slutten av 1800-talet utanfor dei meir eller mindre forpliktande blokkane som oppstod. Men før 1815 er det jo stort sett ein meiningslaus karakteristikk om land i fredstid; i krig inngjekk militære makter inngjekk alliansar, og braut dei når det passa (også Sverige, jf. Napoleonskrigane). Dessutan fanst det ikkje same tanken (og etter kvart lov) om at skip frå nøytrale land ikkje kunne kaprast.

Men i 1853-56, under Krimkrigen, ønskte England/Frankrike å angripa Russland via Austersjøen, og ville gjerne ha ein allianse med Sverige-Noreg. Det var ei viss interesse blant adelen om å ta tilbake Finland, men sterk motstand frå både fagmilitære og parlament. I staden enda vi opp med "Novembertraktaten" i 1855, der

kongen av Norge og Sverige [forpliktet] seg til ikke å avstå territorium eller territoriale rettigheter til Russland eller la Russland få besette noen del av sitt territorium. Til gjengjeld forpliktet Storbritannia og Frankrike seg til å støtte kongen av Norge og Sverige med tilstekkelige militære styrker mot russisk aggressjon.
Roald Berg, Norsk forsvarshistorie, bd. 2. 1814-1905. Profesjon. Union. Nasjon. (Eide, 2001), 158.

Denne traktaten stod fram til 1907 (og vart avløyst av ein tilsvarande som stod 1907-1928) og i Berg sine augo går det ei klar linje frå 1855 til 1905 (Maud som norsk dronning) til 1949 (Atlanterhavspakta): Altså ei klar linje der vi har søkt vestlege alliansar mot ein russisk trussel. Traktaten var også ein av forløparane til internasjonal sjørett.


Det gjer at eg ikkje utan vidare heilt kjøper historia om Sverige som "alliansefri i mange hundre år", og heller ikkje historia om at det finst ein solid tradisjon for total alliansefridom i moderne tid (etter Napoleon). Det fanst ein slik tilstand under den kalde krigen, men den må vi forstå spesifikt ut frå forholdet mellom USA og Sovjetunionen.
 
Sist redigert:
Topp Bunn