Eg har i lang tid prøvd å legge den kritiske lyttinga til laurdags og søndags morgon, mellom anna fordi eg har merka liknande fenomen. Ut over dagen skiftar dagsforma, og det er ikkje så lett å vere sikker på kva bias ein har. Om morgonen er det mindre bias som påverkar det som vert observasjonen din.
Men eg merka nokre faktorar som eg trur har opphav andre stadar enn inne i hovudet. Fram til 1992 observerte eg at lyden forringa seg i 12-tida søndagane. Så fekk vi den store orkanen nyttårsaftan, og store deler av kraftforsyninga måtte reparerast. Etter dette forsvann problemet. Eg spelte då på ein Grant G 100AS røreffektforsterkar. Dei seinare åra har eg brukt ein Copland CTA 520 som hovudreferanse, og har av og til merka liknande endringar, men meir sporadisk, ikkje så sikkert som søndagane i gamle dagar. Eg har ei hypotese; at då folk lagde søndagsmiddag i gamle dagar, slo dei på masse straum samstundes. Dette verka inn på straumnettet, heilt fram til det vart oppgradert og truleg oppdimensjonert etter orkanen. Seinare har straumforbruket auka, slik at problemet med kapasitet vert kjem fram att. Men ikkje etter same mønster, ettersom folk sine middagsvanar har vorte meir postmodernistiske enn før 92, då det vart sterkare grad av tradisjonar rundt middag kl 12 - 13 søndag. Av og til slumpar det kanskje til med sterk belastning? Eg har prøvd å måle spenninga, og har innimellom ein spenningsmålar permanent ståande tilkopla nettet, men kan ikkje seie at det endrar seg mykje, eller at det kan påvisast nokon samanheng mellom spennings- og lydvariasjonar.
Sidan eg skifta til ASR Emitter 2, har eg ikkje merka ein tøddel til variasjon i lyden. Denne forsterkaren har vel det mest "uavhengige" og kraftig dimensjonerte straumforsyningsopplegget på marknaden, så kanskje han er immun? Eg skal iallfall finlytte julaftan kl 1300 - 1700.....