Vettet i behold vites vel strengt tatt ikke, men jeg tror det kan finnes en Jarl i Nidaros som kjenner seg klar for oppgaven.
Det er nok rett.
Men Støre står i ei klemme. Valet 2025 teiknar til å verta ei veritabel krise for Ap, heilt uavhengig av om renta og straumprisen går ned og Russland avlyser krigen i Ukraina (unnatak: dersom Støre kan mekla fram fred i Ukraina og Gaza samstundes, åleine, på hytta). Samtidig sit Støre som statsminister no, og det er ingen klar kandidat med støtte i heile partiet, og dei to mest openberre kandidatane (Nordtun og Giske) sit heller ikkje på Stortinget. Ikkje Vestre, heller.
Då Gro melde at ho ville gå av i oktober 1996, hadde Jagland alt vore partileiar i fire år, og tronfølgja var temmeleg avklart. Ap hadde ei mindretalsregjering, og Jagland fekk eit års "gratis" statsministerforsprang (at han rota det alvorleg til, er ei anna sak).
Kva kan Støre gjera?
Signaliserer han no at han vil gå av på landsmøtet i 2025, seier han samtidig at dette regjeringsprosjektet har gått i dass. Då kan han like gjerne gå av no. Det vil bryta med alt han har av ansvarskjensle, stoltheit og ønske om ettermæle å seia at dette fiksa han ikkje. Støre er ikkje ein mann som bryt i Birken fordi skiene er bakglatte. Du får ikkje ei internasjonal retrettstilling slik, heller. Jagland vart generalsekretær i det ganske behageleg Europarådet, for pokker, med villa i Bryssel og privatsjåfør. Det hadde vore noko.
Dersom han likevel skulle gått av no, er den einaste løysinga for å behalda regjeringa å gje Vedum statsministerjobben. Lukke til med å selja det inn til sentralstyret i Ap, og til SV. Då er det meir sannsynleg at regjeringa går av, og vi får regjeringa Solberg II. Samtidig vil det utløysa ein intens maktkamp i Ap (med både Giske, Tajik, Vestre, Nordtun og kanskje Raymond Johansen, som tronpretendentar) fram mot landsmøtet i 2025. Lukke til med 2025 då, om Ap framleis finst etterpå.
Eg trur Støre tenkjer at den kampen må koma, men at det er best å ta konflikten etter eit heiderleg valnederlag i 2025, på eit ekstraordinært landsmøte i 2026.