Trur eg også såg eit intervju der han tok opp desse punkta, og ja, sjølvsagt er det politiske spørsmål.
Og du har heilt rett i at Ap, stort sett ikkje har rørt desse punkta: unnataket er straum, der dei innførte ei statleg finansiert prisdemping. Utover det sette Vedum ned eigenkapitalkravet frå 15% til 10%, men det må i beste fall reknast som ein varsam impuls om å auka temperaturen i marknaden litegrann (med rentenivået vi har i dag er neppe eigenkapitalkravet så viktig i det heile tatt). Kor mykje det hjelper unge til å kjøpa hus, anar eg ikkje. Tviler på at det har så mykje å seia.
Det eg etterlyser frå Giske er vel at han lanserer kva han meiner bør gjerast på kvart punkt.
Det har vore ein god strategi i andre parti å ha litt alternative røyster som delvis køyrer sitt eige politiske prosjekt. FrP perfeksjonerte det ei stund. Mímir fungerer delvis slik i Raudt, Trædal i MDG og Lundteigen (og Ola Borten Moe) gjorde i si tid det i Sp. Ja, til og med Ap har hatt slike, først og fremst Jan Bøhler.
Giske er i ein posisjon der han kan gå ut og laga politikk på frihand om han vil, kanskje også utan å formulera det som ein direkte kritikk av leiinga i dag. Dersom den hardaste kritikaren av Støre er fyrstekandidaten i Trøndelag, er det iallfall ikkje til bate for Ap.