Radio er ålreit, dersom det er eit program som har interesse. Eg likar å høyre Popquiz og Pils + ein del ting på lokalradioen i Sogn og Fjordane, men irriterer meg over dei programleiarane som har vore på "smilekurs" eller kva det no er. Overdriven bruk av adjektiv, fokus på seg sjølv: "svinge meg til ein fin låt", "i dag har eg", og så det spesielle "gomårrån" frå folk som bur så langt unna Sverige vi kan komme i dette landet.
Pludreradio er nesten alltid irriterande, og halv-morosame programleiarar vert du fort lei av. Dei ser ut til å ta overhand, og djupe program har det vorte langt imellom etter kvart. Dei er totalt fråverande på dei reklamebaserte kanalane, som i tillegg sjølvsagt køyrer ekstra dum reklame. P3 har av og til program der ein kan høyre nye, spennande ting, men kanalen treng å leite meir av dette, for som oftast får vi sendingar som inneheld alt frå hiphop til dubstep.
Så har vi P2 med sine alternativ, men ein må nesten ha programoversikt, og dei står med for lita skrift om dei i det heile tatt finnest.
Min ungdoms musialske helt, Sigbjørn Nedand, kvar er han?
http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2004112612582237592584
(Sigbjørn svarte på eit sint lesarbrev frå meg på radio, der eg sa han burde lytte meir på vinyl, og ikkje haldningslaust hylle det nye CD-mediet for nokre år sidan. Han sa at det hadde han gjort. Jaja.)