Fekk ikkje tak i Ole Paus-plata før no. Ho har vore reservert på vent i Bergen i heile koronatida, til eg endeleg kunne komme meg dit. Kjøpte også Vinskvett på vinyl, Bjella, og ei spesiell Kraftwerk-plate som dei gav ut før dei hadde funne uttrykket sitt. Skal bli spennande! Så langt er eg berre ferdig med Ole Paus (bør kanskje skrive ei omtale, men då må eg nesten ta med dei andre samarbeidsprosjekta Paus har - det er når han er saman med andre at han briljerer ordentleg), og er i gong med Bjella. Trur han må vere den som skriv best tekstar for tida. Vinskvetten må vente til familien er samla, det er felles humor her i garden.