brotevatn
Hi-Fi interessert
Hei!
Kan nokon sette meg på sporet om kva som kan ha gått gale? Eg har aldri hatt høyrbar støy (brum i trafoer, sus i høgtalarar ell) i mitt anlegg. I går gjekk det imidlertid ei sikring utan "grunn", på kursen som anlegget tilhøyrer (gammalt hus, skjer eit par gonger i året). Har lenge tenkt å ordne ein dedikert kurs til anlegget, men det har ikkje blitt gjort til no.. men ein gong blir det nok.. Uansett så er det div. lamper, inkludert dimmer, varmepumpe, plasma tv på denne kursen (10A). Ny sikring vart sett i, og ting fungerte. Tilfeldigvis så fekk eg min nyinnkjøpte Isotek Sigmas i går (eit lite eksperiment mtp om eit filter kan gjere forskjel, sjølv om eg som nevnt ikkje har merka noko høyrbar støy). Hadde ikkje høyrt på anlegget etter sikringa gjekk før eg plugga ut i frå den strømpadda eg har hatt til no (utan problem), kopla opp alt som var på denne padda til Isotek, sett vekk frå monoblokkene som eg tenkte ville få det best med straum rett frå den gamle padda utan filter (Russ Andrews powerblock). Sette så straum på komponentane, og starta som alltid med monoblokkene, og oppdaga til mi forskrekking at det var brum/støy frå begge høgtalarar... Tenkte så at det kunne vere Isotek som laga støy, kopla frå denne, men framleis var det støy... Høyres ut som elektrisk knitring/summing(særs tydleg). Fekk imidlertid demonstrert veldig bra filtreringseigenskaper hos Isotek, for då eg kopla monoblokkene til denne, så var det null støy... Prøvde også kople monoblokkene direkte i veggen, utom padda eg hadde frå før, framleis støy.
Kan det vere noko som har ført til at sikringa tok kvelden, og så fører til støy i etterkant Har lite teknisk kunnskap er eg redd.. Ein anna merkleg ting som eg ikkje har oppdaga tidlegare, er at noko har skjedd med preampen også. Volum går frå 0-60, og når eg når 4, er det kun lyd frå høgre kanal, det blir så gradvis lik lyd i begge kanaler opp til 8, og derifrå og opp, så er det likt lydnivå på begge kanaler....
Det er ujorda kurs...
Mvh
Bjørn

Sist redigert: