Har vore gjennom Stone Rose no. Litt av vitsen med å spørje her på Sentralen, er vel at vi meiner noko om det audiofile aspektet. Eg tykkjer dette er ok musikk, til dels bra, men det vil sjølvsagt vere eit spørsmål om smak, og på eit slikt grunnlag er vel alle råd like dårlege...
Hifi-aspektet frå min subjektive synsstad: Det heilt spesielle med 2L-lyden i to kanalar er at alle dynamiske nyansar opplevast som like "nøytrale", "veloppløyste" eller kva vi no skal kalle det. Altså kan du (iallfall om anlegget er godt nok) konsentrere deg like godt om dei aller minste nyansane på pianissimo-nivå som dei aller mest komplekse greiene vi høyrer for fullt orkester. Eg meiner dette er rimeleg unikt for 2L (skryt, skryt), med atterhald på at det eg har brukt av avspelingsutstyr avgrensar det fulle potensialet - multikanalsystemet mitt er av det billege slaget - pengane er lagt i tokanalsanlegget, og der har eg ikkje blurayspelar. Likevel har det vore råd å spele 2L ganske så tilfredsstillande på det eg har hatt tilgjengeleg.
Opptak eg har høyrt med ekstrem kvalitet, har hatt ein tendens til å hige mot "perfekt fortissimo", noko som sjølvsagt er imponerande - men avgrensar pianissimo-parti. Analoginnspelingar som t.d. dei klassiske frå RCA anno 1960, legg seg akkurat på det nivået der dei kan unngå bandsus og samstundes sleppe overmetting av teipen. Men du høyrer så vidt bandsus også på Scheherazade (RCA LSC 2446) Og klassisk Telarc har med sin kollosale dynamikk ikkje så godt oppløysing i dei rolege partia, spesielt ikkje på CD (1812 er til dels mykje betre på vinyl og SACD).
På Stone Rose er det mikrokosmos som utforskast (fantastisk oppløysing når det berre er så vidt tangentane røyrast, korleis får de dette til? Kan de ikkje lage eit opptak der ein demonsterer skilnaden på eit Steinway og eit Bøsendorfer når de er så godt i gong?).
Låtane eg meiner bør vere obligatoriske å ta med, er er pianissimo-uttrykka er utbroderte. "Snow in N.Y" er bra på dette, høyrest det ut som (atterhald sidan eg høyrer dette via pc og spotify + høyrelurar til 295 kr), men eg ville også hatt med "Roxbury park" som er meir variert dynamisk sett. "Stone rose" er vel viktig, sidan det er tittelkutt. Og så må du ta med "North Country 2" med tanke på at her er tre instrument saman, som verkar svært godt oppløyste.
Improvisasjonane har eg ikkje finhøyrt (sit i tentamenspsykose og rettar 60 arbeid for tida, så lytting vert mest som lyd på øyret med låg konsentrasjon, men dette med 3 og 2 piano forundrar meg. Spelast det på fleire flygel samstundes? Eg får ikkje med meg kva som skjer... Det grautar seg med mine så-som-så høyretelefonar, så eg må nok prøve multikanalsvarianten før eg meiner så mykje om dette (neppe nyttig tips med mindre de skulle prøve ei quadrofoni-plate....) Men på improvisasjonsplata brukast det innimellom mykje meir kraft på tangentane, så her er det nok lurt å ta med litt "smokk & smell", vil eg tru. "Little Rock" høyrest bra ut i den samanheng. Så likte eg "Chorale" godt også, men det vert nok litt meir i same gata som "Stone Rose", iallfall i audiofil samanheng.
(Eg har lyst å prøve noko av dette for å høyre kva analogmediet eigentleg evnar på feltet, så analogplatene frå 2L vert nok kjøpt inn uansett. Når eg berre får somla meg til butikken.. Kjekt å sjå at 2L utforskar dette mediet)